Overfall og tjuveri kan skape utryggheit

Du gjer lurt i å låse døra. Det er ein generell hugseregel. Det er på same tid ekstra aktuelt, etter at det har vore litt fleire unøska hendingar i lokalsamfunnet er kva vi er vane med.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

For eit par veker tilbake var det fleire biltjuveri i vårt distrikt, og det vart også observert folk som luska rundt på kvelds- og nattestid ved eller på private eigedomar. Kanskje var der ein samanheng.

Denne veka vart ei kvinne angripen av to menn. Heldigvis klarte ho å kome seg laus, men dei to som står bak, kom seg unna. Det siste utan gode spor for politiet å jobbe med.

Det har også vore ein del tilfelle av kriminalitet den seinare tida som ikkje har blitt offentleggjorde av politiet, men som mange veit om og kan kjenne seg uroa over.

Når det er sagt, bør det strekast under at innleiinga verken er meint som – eller bør – oppskake folk. Tvert imot er det framleis slik at vi lever i trygge, gode lokalsamfunn og omgjevnader. Bra er det også at eit nytt politikontor kjem i Fosnavåg.

Utfordringane aktualiserer likevel eit viktig spørsmål: Er politiet nok til stades, lokalt? Kan ein patrulje åleine for eit såpass stort område som Søre Sunnmøre faktisk er, vere nok til å dekke opp, både preventivt og gjennom innsats på staden?

Regionen vår har over tid vore underbemanna når det gjeld polititenestefolk. Såpass store avstandar vi her snakkar om, vil det gå veldig lang tid om ein patrulje på Folkestad skal rykke ut til Fosnavåg, til dømes.

Folk flest ynskjer meir synleg politi, fleire trafikale kontrollar og politifolk til stades når det er større arrangement. I alle fall der det er fare for at ting går over styr. Den seinare tids hendingar aktualiserer eit slikt folkekrav. Rus og kriminalitet er nøkkelord. Har politiet ressursane som skal til for at haugen med saker som får stempelet «lagt bort», ikkje veks?