LGFK milevis betre enn i førre kamp:

- Dette var surt. Vi førte spelet i store delar av kampen mot Volda

Larsnes/Gursken er nøgde med mykje av det som føregjekk, om ein ser vekk frå effektiviteten og nokre avgjersler frå dommartrioen i fredagens bortekamp mot Volda.

TRENAREN; Anders Helsem Hoff (t.h.) såg mot Volda eit velspelande LGFK-lag som gjekk på ein sur smell mot serieleiar Volda.  Foto: Arkivfoto

New Articles

Det enda med tap 0-2 etter at Robert Mathias Dahlberg vart dagens mann for Volda med to scoringar i løpet av fem minutt på tampen av første omgang.