Kvinne overfallen av to menn - politiet treng tips

Tysdag kveld vart ei kvinne i Herøy overfallen av to menn. Dei prøvde å drage av ho kleda.

UTE ETTER TIPS: Lensmann Tor Sæther seier politiet ser svært alvorleg på saka der ei kvinne vart overfallen tysdag kveld.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

- Hendinga fann stad utandørs. Kvinna sette seg kraftig til motverge, og kom seg fri. Dei to mennene sprang frå staden, og køyrde like etter vekk i ein bil.

Det seier lensmann i Herøy, Sande og Vanylven, Tor Sæther.

- Vi ser svært alvorleg på denne saka, som er gitt høg prioritet og no vert etterforska, legg lensmannen til.

Det var rundt klokka 21.10 at kvinna vart overfallen av dei to mennene. Overfallet skjedde ved ei adresse i Flusundvegen, aust på Bergsøya. Etter det Vestlandsnytt skjønar, var kvinna, som er i femtiåra, på eit jobb-oppdrag då den alvorlege hendinga fann stad.

Medan mennene heldt ho fast og prøvde å drage av ho kleda, klarte ho altså å gje så mykje motstand tilbake, at mennene rømde frå staden. Angrepet og forsvinninga til dei to mennene skjedde i løpet av berre nokre få minutt, får Vestlandsnytt opplyst.

- Var dette eit forsøk på valdtekt?

- Det har eg ingen haldepunkt for å kommentere. Men det er uansett ei svært alvorleg sak, seier Sæther når Vestlandsnytt ringer og ber om kommentar til saka.

Treng informasjon

Kvinna er avhøyrd, og vert i følgje lensmannen fulgt opp på vanleg vis etter den skremmande episoden.

Lensmannen seier det framleis er tidleg i etterforskinga. Men no ynskjer ein informasjon frå folk som kan sitje på opplysingar som kan vere viktige i etterforskingsarbeidet.

- Vi har ikkje signalement på mennene, anna enn at dei har lys hud. Vi veit heller ikkje noko om bilen. Men vi er interesserte i tips og observasjonar på og i nærleiken av denne staden i det aktuelle tidsromet både før og etter klokka 21 tysdag kveld, seier lensmannen.

Han legg til:

- Ikkje nøl med å ta kontakt. Alt er av interesse.