Ko:Ko fekk gründerpris!

Stine Elisabeth Goksøyr og Ko:Ko er vinnar av Sparebank1 Søre Sunnmøre sin gründerpris "Nærings-DRIVKRAFT".

EIN VERDIG VINNAR: Administerande direktør Stig Brautaset og leiar for bedriftsmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre Sigrun Heltne Vartdal, saman med vinnaren Stine Elisabeth Goksøyr (i midten).   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

Prisen vart delt ut under Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin gründerdag i Ivar Aaasen-tunet tysdag. Som vinnar av prisen får Goksøyr 25.000 kroner.

– Kandidaten samsvarar med våre kjerneverdiar, nær og dyktig. Ho har verkeleg lukkast med å ta bedrifta til nye høgder, med netthandel der ho styrer alt sjølv. No har ho også fått opp eit heilt fantastisk bygg i Herøy.

Det sa Sigrun Heltne Vartdal, leiar for bedriftsmarknaden i Sparbank1, då ho delte ut prisen tysdag føremiddag.

Tidlegare i år vitja Vestlandsnytt Goksøyr i det nye bygget på Mjølstaneset. Den saka kan du lese her:


Ko:Ko-gründer Stine Elisabeth Goksøyr om nybygget på Mjølstaneset og satsinga på framtida:

– Vi har gjort nokre sprø investeringar

– Eg trur veksten har å gjere med at vi har fått mykje meir å velje i, både når det gjeld storleikar og design. Og så er vi blitt flinkare til å høyre på sluttkunden, samtidig som vil held på ideane våre.



Vestlandsnytt kjem tilbake med meir, mellom anna intervju med vinnaren.