Hilde Iren Jakobsen:

"Kven vann valet?"

Lesarinnlegg av Hilde Iren Jakobsen.
New Articles

No er stemmene talde og resultatet klart for kven som skal leie Sande dei neste 4 åra.

Ofte er det ei utfordring med lav valdeltaking i kommuneval. I Sande har engasjementet i år vore godt. Dette viser igjen i statistikken for valdeltakinga. Dette er inspirerande å sjå!

Men kven stemde vi på? Var det politiske parti, «bygdelister» eller personar? Stemde vi på Sande?

Eg vil gjerne gi att nokre få poeng av det forskarar og statsvitarar har sagt generelt om kommuneval. Dei meiner at bygdelister er positivt for demokratiet fordi dei aukar engasjement og valdeltaking. Lokale lister oppstår gjerne som protest når personar ryk ueinig med tidlegare parti eller partifellar.

Ein anna grunn er når det oppstår enkeltsaker som det er aktuelt å jobbe for akkurat no.

Problemet med dei lokale listene er ofte at dei kjempar for berre éi sak og nokre få i kommunen. Dette kan lage konfliktar og grendestrid, som igjen gjev uro og strid for lokaldemokratiet.

Slik sett er listene også eit nederlag for demokratiet. Alle skal ha lik behandling, uansett postnummer.

Hovudoppgåva for politikara er jo å skaffe forståing blant veljarane for at prioriteringar må gjerast og at prioritering betyr å velje noko framfør noko anna.

Først og fremst er bygdelister eit nederlag for dei etablerte partia. Det er dei som ikkje makter å skaffe forståing for vala dei gjer, og derfor opnar dei for protestlister.

Men kva har skjedd i Sande? Dette har eg til no ikkje funne direkte skildra av nokon «med vet» på slikt. Det står heller ingenting om dette når ein les om intensjonen for personstemmer og «slengjarar» i kommuneval.

I Sande kan det sjå ut som om vi langt på veg har stemd på «bygder» i kommunevalet, sjølv om det ikkje ligg føre eit utval av bygdelister eller protestlister for enkeltsaker. Det ser ut som vi har plukka personar, basert på bustad, inn i dei eksisterande politiske partia. Svært mange var ikkje klar over denne særskilde bygdemobiliseringa i Sande. Kanskje vi ville stemd annleis om alle visste dette?

Kanskje vi òg ville stemd annleis om vi på førehand visste kva parti som hadde diskutert samarbeidsavtaler?

Om vi gjekk til val på same måten i fjor, i år eller til neste år så oppfattar eg uansett dette som ein uting. Det kan stå fram som vi sit å kjempar for kvar vår tue og er meir opptatt av posisjonering og makt. Ikkje at vi kjempar for det vi meiner er best politikk for framtida til kommunen vår som heilskap. Kanskje valdeltakinga fell neste gong? Partistemma di, som var med for å gje makt, viste seg å bety ein ukjend men planlagt politisk retning? Ei motsett retning av det du stemde? Kva er vitsen med å stemme då?

Ideologien bak demokratiet er jo at dei som styrer skal vere representativ for befolkninga og for deira meiningar.

I kommunestyret har vi no fått 38 % kvinner og 62 % menn. Etter folketalet har Sande totalt 48,3 % kvinner og 51,7 % menn.

Sande har 11 % innbyggarar med utanlandsk opphav. Statistisk burde dei vert representert med 2 personar i kommunestyret.

Yngste person i kommunestyret er 32 år og 62 % er over 50år.

Larsnes har 38 % av representantane i kommunestyret.

Det vert heilt feil å seie at vinnaren av valet er middelaldrande menn frå Larsnes. Men, det er heller ikkje enkelt å sei om det var den mønstergyldige venstre- eller høgresida som vann, eller ei bestemt sak.

Sjølvsagt er lokalpolitikk noko annleis enn rikspolitikk men kan vi sei oss fullt ut einig og fornøgd med prosess og resultat? Var valet i trå med tankane for demokratiet?

Vi er heldig i Sande som har bygder med eit slikt levande engasjement. Dette engasjementet er viktig å dra med seg når kommunen skal handtere drift og utfordringar i det daglege. Ikkje minst så er det avgjerande for utvikling og for framtida. Det er likevel ikkje nok å berre verne sin del av ballongen, og ikkje bekymre seg for om det går hol på nokon andre sin del.

Kvar og ein av oss er vel so heldig å bu i «den beste bygda» i Sande og vi trivs og har det fint. Vi seier til oss sjølv at det er bra med konkurranse mellom bygdene. Vi seier det er uskyldig patriotisme når vi snakkar ned nabobygda. Vi skryt ofte av nabobygda òg! Gjerne med eit lite snev av misunning og ein avbøtande kommentar; «men vi ha no dette i staden!»   Eg er einig i at litt konkurranse og bygdepatriotisme er bra. I denne tanken ligg det derimot at «dei andre er ikkje like god». Vert bygdepatriotismen for stor so snakkar vi rett og slett ned resten av kommunen vår. For det er vel ikkje noko godt signal til ungdomen, at det er mykje som «ikkje er godt» i den kommunen vi håpar dei vil busetje seg?

Valresultatet vart eit lite stykke frå mi kolsviartru for kva som er best for Sande. Men, så er det no spennande med endring! Eg håpar og trur at resultatet vekkjer enda meir positivt engasjementet. Det er flotte engasjerte personar som no er vald inn i kommunestyret. Eg vil ynskje dei alle lykke til og eg er takksam for at dei tek på seg ansvaret og oppgåva!

Eit lite sitat frå Erik Bye kan ver fint å ta med oss på vegen vidare, både for politikarane og vi som stemde på dei;

«Politikere må en gang lære både i Norge og andre steder, at de er ikke våre herrer i demokratiene - skal de være klar over hver eneste dag de våkner og hver eneste kveld de går å legger seg – at de er våre tjenere, de er folkets tjenere! De skal stå i giv akt for oss i demokratiet. Det er noen av dem som tror at de er blitt herrer, men der tar de faktisk feil. Der må de en gang lære at de tar feil, ellers er demokratiet bare dillball!»

Hilde Iren Jakobsen