Problem med breibandet i ytre Herøy

Feil i kjølvatnet av eit straumbrot natt til fredag gjer at Tussa sitt fibernett er ute i store delar av ytre Herøy fredag føremiddag.

Breiband Bildet er tatt av Michael Schwarzenberger frå Pixabay  

New Articles

Vestlandsnytt får opplyst av Tussa at det har vore feil i ein fibernode på Elsebø. Feilen er retta.

Det er altså kundar med Tussa-fiber som er råka av feilen. Og då i hovudsak konsentrert til Bergsøya og andre krinsar på ut-øyane i Herøy.

Dei fleste av kundane skal i 11.20-tida ha fått tilbake nettet.

Fredag klokka 13 var vi i kontakt med adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

- Feilen på Elsebø er utbetra, noko som inneber at dei fleste skal  ha fått fibernettet tilbake. Likevel vil det vere enkeltkundar som av ulike årsaker framleis ikkje har nett. I heile distriktet har det vore mange feil etter toreveret sist natt, og vi har hatt stort trykk med telefoniske henvendelsar. For enkelte har det blitt ein del ventetid før vi ringde tilbake, men vi har no kome oss bra i rute også når det gjeld kundeoppfølging, seier Driveklepp til Vestlandsnytt.

Tussa melder elles at torever natt til fredag har øydelagt ein del utstyr heime hos folk.