Avklaring onsdag kveld

Myklebust vert ny ordførar i Sande

Det gjekk slik signala fortalde valkvelden: Olav Myklebust (Sp) tek over som ordførar etter Dag Vaagen.

BLIR ORDFØRAR: Olav Myklebust tek over som ny ordførar i Sande  Foto: Sande Sp

New Articles

Einar Ekroll (Frp) vert varaordførar i det nye kommunestyret.

- Eg gler meg til å ta fatt på denne oppgåva. Vi er klare til å gjere ein viktig jobb for Sande kommune framover. Vi har tankar, idear og ambisjonar for korleis vi skal utvikle Sande i tida som kjem, seier ein glad og letta Olav Myklebust til Vestlandsnytt onsdag kveld.

Myklebust og Sp samarbeider med Ap og Frp i den nye konstellasjonen som til saman har 11 mandat i kommunestyret.

Dermed hamna Høgre og Sande Vest denne gongen i mindretal, med til saman 10 mandat.

Med det er det også klart at Høgre har mista makta både i Herøy og Sande.


Kommentar:

"Høgre merkar regjeringsslitasje i Herøy og Sande"

Etter kommunevalet står vi att med ein relativt lik situasjon i Herøy og Sande.

 

Det er gjort ein avtale mellom dei tre partia om posisjonar. Ikkje overraskande fekk Einar Ekroll og Frp varaordførar-posten.

Ap får på si side betalt med to medlemer i formannskapet. Sp og Frp får ein kvar. I tillegg fordeler truleg Høgre og Sande Vest formannskapsverva med to til Høgre og ein til Sande Vest.


FrP i nøkkelposisjon, men Muren signaliserer:

- Trur intensjonsavtalen vert gjennomført

Onsdag er det framleis ikkje avklart kven som vil ha makta i Sande kommunestyre den komande fireårsperioden.

 

Frieri vart avslått

Frp har som kjent blitt fridd til av Høgre, og var lova varaordføraren i ein eventuell ny konstellasjon mellom Høgre, Frp og Sande Vest.

Men denne tilnærminga vart altså avslått, og planane om fire nye år som sjef for Sande-skuta gjekk i vasken for ordførar Dag Vaagen (H). Han har vore ordførar dei siste tolv åra.

Olav Myklebust stadfestar at det har vore eit litt krevjande arbeid med å få alt på plass, og verka tidlegare onsdag litt irritert, truleg over Høgre sine tilnærmingar overfor Frp.

- Men no er det på plass. Vi er kjempegodt nøgde med det endelege utfallet, og har ein fin gjeng med nye folkevalde, mange av dei heilt nye i kommunepolitikken. Dette skal bli bra, seier Myklebust.

I ei pressemelding frå gruppene etter avklaringa som kom etter mange og lange møte, heiter det:

"Vi ynskjer å skape vekst og framgong i heile kommunen. Vi ynskjer gode prosessar og har eit godt grunnlag for å kunne drive ein god  politikk for heile Sande. Vi ynskjer å skape vekst og framgong i heile kommunen."