Bustadbrann i Fosnavåg - brannen er sløkt

Brannvesenet i Herøy rykka måndag ut og sløkte ein bustadbrann i Fosnavåg. Ingen personar skal vere skada som følgje av brannen.
New Articles

Politiet melde om saka klokka 12.51 måndag. Då kunne dei også opplyse om at begge dei eldre personane som bur i huset var kome seg ut.

Klokka 13.01 blei det opplyst at brannvesen og ambulanse var på staden.

Klokka 13.19 kunne brannvesenet melde om at brannen var sløkt. Det var likevel ein del røykutvikling då.