Her er Sigurd Teige sin nye ringnotsnurpar

Det gjekk ikkje lang tid før meldinga kom om salet av Haugagut/Leikvin, til detaljane kom om det komande nybygget.

SUNNY LADY: Supersnurparen som har smekre linjer og høg miljøfaktor.  Foto: SALT

SIGNERING: På bildet fv Sigurd Teige og Orhan Gülcek, styreformann i Cemre Shipyard.  Foto: Teige Rederi

New Articles

Sigurd Teige og Teige Rederi AS har gjort avtale med verftskonsernet Cemre i Tyrkia om bygging av ein ny kombinert ringnotsnurpar og trålar.

I følgje ei pressemelding frå reiarlaget fredag kveld kjem det fram at nyeskuta vert 86 meter lang og 18 meter brei. Det vert omtala som "eitt av Norges største og mest moderne fiskefartøy", der miljøomsyn og innovasjon er sentralt.

Vestlandsnytt melde torsdag at Haugagut, eller Leikvin som Teige døypte båten om til, er seld til H Østervold AS i Austevoll.


Haugagut seld tilbake til Austevoll

Ti månader etter at båten blei kjøpt til Herøy, blir Haugagut Austevoll-båt igjen.

 

Det nye fiskefartøyet er designa og utvikla av Salt Ship Design, og vil få namnet Sunny Lady.

- Namnet er historisk og arva frå eit tidlegare LNG-fartøy som rederifamilien før har hatt eigarskap til. Med eit fremtidsretta fiskefartøydesign og miljøtenking til grunn byggjer no Sigurd Teige eit skip som møter framtidas krav til utslepp og klima, heiter det i pressemeldinga, der det også vert opplyst:

LNG og batteripakke

Det nye fiskefartøyet vert optimalisert slik at drifta blir så energieffektiv som mogleg, blant anna med ein 350 kubikkmeter stor LNG-tank i kombinasjon med diesel og ein stor batteripakke. Dette vil spare miljøet for eit utslepp av klimaskadeleg NOx, tilsvarande 50.000 personbilar.

- Vi ønskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket i tida framover, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige. Han slår fast at med fokus på effektivitet og miljøtenking vil den nye fiskebåten bli optimalisert slik at drifta blir så energieffektiv som mogleg.

Teige Rederi omfattar i dag reiarlaga Teigebris AS og Teige Rederi AS, som er eigarar av fiskefartøya M/S Sjøbris og M/S Leikvin. Fartøya er kombinerte trålarar og ringnotfartøy med kvoter på pelagiske fiskeri.