Kvifor stemme KrF?

New Articles

Eg har gleda av å vere ordførerkandidat for Kristeleg folkeparti i Herøy! På stand får eg interessante samtalar. Nokre får meg til å tenkje meir over politiske saker, medan andre skapar refleksjon rundt mitt eige parti.

Ho: Eg er ikkje kristen, så KrF er nok ikkje partiet for meg.

Eg: KrF er ikkje eit parti for dei kristne.

Ho, litt forvirra: Er det ikkje det!?

Sjølvsagt er KrF for kristne, men ikkje berre. Dette er dessverre ei sterk oppfatning blant veljarane, og eg har alltid grubla over dette. Eg vil at folk skal bli kjent med meg, mine partikollegaer, sakene våre og politikken vår. KrF er eit folkeparti med ein politikk for folket. «Kristeleg» gjer sitt til at mange droppar oss alt for raskt.  Mange går då glipp av god politisk informasjon.

Han: Kristendom har ikkje noko i politikken å gjere. KrF burde ikkje eksistert.

Eg: KrF er ikkje kristendom. Vi er eit politisk parti.

Har religion noko i politikken å gjere? Nei, men det har i stor grad våre kristen-humanistiske verdiar. Mykje i Norge sine lover er basert på verdiar vi finn i humanismen og vår kristne kulturarv. Eg trur mange er glade for det, og landet vårt ville vore eit annleis samfunn om ikkje.

Mitt KrF-hjerte brenn for menneske og grupper som treng ulike typar støttetiltak for å meistre kvardagen, og for å kunne ta steget til nye mulegheiter. Eg brenn for at frivillig arbeid, næringslivet, gründerar, kommunen og andre aktørar saman skal finne løysningar på dei utfordringane som finns i mange lokalsamfunn rundt om i landet. Mitt KrF hjerte vil ha alle med ut frå sine forutsetningar, uavhengig av tru, sosial status, legning, etnisitet eller anna. Vi må ha eit samfunn der alle kjenner seg sett, høyrt og respektert. Eg håper alle som seier dei har fått KrF på valgomatane, stemmer KrF 9.9!

Tru på mennesket og fellesskapet, nestekjærleiken og mennesket sin uendelege verdi. Her ligg ansvar for kvarandre, og at alle har noko å bidra med. Er merkelapp viktig? Det sentrale er oppslutning og handling rundt det vi trur er til det beste for individ og fellesskap.

No er det lokalvalg. Gløym Storting og Regjering eit øyeblikk. Tenk lokale saker og personar. Kven synest du er best eigna til å leie kommunen i motgang og medgang? Kva står denne personen for som menneske og leiarar?

Sjå ein gong til på alle dei dyktige kandidatane vi har på lista! Sjå ein gong til på programmet vår!t

Bruk stemmeretten din! GODT VAL!