Mayday-melding ved Runde

Eit redningshelikopter frå Florø og redningsskøyta Klaveness Marine vart torsdag sendt ut etter å ha tatt imot ei mayday-melding frå ein fritidsbåt utanfor Runde.

Her ser vi redningsskøyta slepe båten som kom i havsnød.  Foto: Tipsar

New Articles

Det var fire personar om bord. Båten skal i følgje NRK Møre og Romsdal ha hatt motorproblem og var i ferd med å drive på land. Redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Børge Galta, seier til NRK at fritidsbåten no er berga.