Fall i omsetnaden for Fjord1

Store investeringar i nytt ferjemateriell, og tapte ferjesamband fører til svakare omsetnad i Fjord1.

GISKØY: Er ei av dei tre nye ferjene i sambandet Hareid-Sulesund. Ho og søsterskipet "Suløy" har blitt levert til Fjord1 i første kvartal 2019.   Foto: Stig Breidvik

New Articles

Fjord1 presenterte resultatet for andre kvartal og første halvår 2019 onsdag.

I andre kvartal omsette Fjord1 for NOK 689 millionar. EBITDA vart NOK 225 millionar og resultat etter skatt for perioden vart NOK 104 millionar. 

Inneverande år er eit overgangsår for Fjord1 med betydelege investeringar knytt til nybygg og infrastruktur kombinert med førebuingar til oppstart av nye kontraktar neste år. Dette førte til ein nedgang i omsetnad og EBITDA, samt ei auke i NIBD-nivået i andre kvartal samanlikna med andre kvartal i fjor. I tillegg vart den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg i Bjørnefjorden avvikla med verknad frå 1. januar 2019, noko som har medverka til lågare volum og omsetnad i kvartalet, skriv Fjord 1 i pressemeldinga.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, er likevel fornøgd med resultatet.

- Sjølv om vi er i eit overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi positive resultat i alle dei fire segmenta og ein EBITDA-margin på 33 prosent som er på same nivå som andre kvartal i fjor, seier Neteland.

Han seier seg tilfreds med utviklinga i drifta i andre kvartal, og er spesielt glad for at Fjord1 klarte å lande den siste store kontrakten langs E39, nemleg sambandet Halsa - Kanestraum. Den nye kontrakten gjeld for perioden 2021-2030.

12 prosent lågare omsetnad i første halvår

Når det gjeld resultata for første halvår så hadde Fjord1 inntekter på NOK 1,329 millionar, ein EBITDA på NOK 383 millionar og eit resultat før skatt på NOK 118 millionar.

Det resulterer i eit fall i omsetnaden på 12 prosent samanlikna med første halvår 2018, og skuldast i hovudsak dei pågåande overgangsendringane i ferjeporteføljen og avviklinga av den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg, skriv Fjord1.

I tillegg til sambandet Halhjem- Sandvikvåg i Hordaland mista også Fjord 1 sambandet Flakk - Rørvik i Trøndelag ved inngangen til 2019.

Nedgangen i omsetnad i 2019 er midlertidig og er forventa å auke i samband med oppstart av nye kontraktar 1. januar 2019, heiter det vidare.

Til no i 2019 har Fjord1 fått levert ferjene "MF Giskøy" og "MF Suløy" (begge 120 PBE) til sambandet Hareid - Sulesund, samt "MF Rovdehorn" til sambandet Magerholm - Sykkylven.

I tillegg er 13 nye ferjer forventa overlevert til Fjord1 i løpet av andre halvår 2019.