Det uttrykte han i formannskapet sist tysdag.

– Når ein har ein forvaltar og institusjon som Sparebanken Møre i lokalsamfunnet, burde ikkje den vesle differansen som det vert synt til, spele ei stor rolle, sa Garen.

Bakgrunnen er at Sande kommune tidlegare i sommar har kutta ut Sparebanken Møre sine produkt i fondsforvaltinga, etter at dei i fylgje rådmannen ikkje leverte i tråd med forventingane.

Saka kom opp i formannskapet som ei kort drøftingssak før det ordinære møtet, etter eit spørsmål frå Garen sin partifelle Arnljot Muren.

– Eg har vore i dialog med Sparebanken Møre, som syner mellom anna til det lokale engasjementet og mange bidrag lokalt, innleia Muren.

Rådmann Aglen stadfesta at banken er ute av fonda no, og la til at det mangla ein sum i det første reknestykket som vart offentleggjort. Men totalen gjer likevel at banken ikkje nådde opp, la Aglen til.