39-22 enda det med til herøylaget, som leia 19-8 ved pause.

Trenar Thomas Buchardt vil ikkje legge altfor stor vekt på resultatet, i ein kamp der Bergsøy naturleg nok var store favorittar mot 3.-divisjonslaget frå Nordmøre.

- Vi har akkurat starta opptreninga fram mot seriestart, så det var litt variabelt kva vi makta å prestere. Motstanden var ikkje all verda. Men no er vi i gang, og det kjennest veldig godt, seier trenar Buchardt til Vestlandsnytt.

Nykomar banka inn 12

Det var særskilt ein spelar som framheva seg litt meir enn dei andre under torsdagens cupkamp: Nykomaren Deividas Jovaisas. Han scora heile 12 mål. Evaldas Griese vart nummer to på toppscorarlista med åtte nettkjenningar.

- Deividas er i kampform og gjekk føre med eit veldig godt eksempel. No skal vi nytte tida framover til å få alle mann i like godt slag, opplyser Buchardt.

Neste cuprunde er mot Spjelkavik, ein kamp som truleg går rundt 27. august.

- Før seriestart tid skal vi trene godt, og i tillegg skal vi på turneringar både i Ørsta og Trondheim, fortel Bergsøy-trenaren som nesten tok laget sitt til opprykk i vår.

Vil styrke laget endå meir

Målet for denne sesongen er også å hevde seg «der oppe».

- Framleis har vi ikkje troppen heilt på plass, men vi har nokre følarar ute som gjer at vi kanskje får styrka laget endå meir, seier Thomas Buchardt.

Målet hans er uansett å skape like godt miljø og sportsleg kvalitet denne sesongen, og Buchardt og hans menn ser fram til god atmosfære og masse handballmoro i Herøyhallen den komande sesongen.

Mot Kristiansund spelte: Bjørn-Inge Tråseth, John-Olav Scott Krumsvik Hide, Deividas Jovaisas, Erik Herman Ruud Helgesen, Håkon Tømmerdal Forberg, Daniel Brekke, Petter Hovde Vinje, Laurynas Petrusis og Evaldas Griese. To-tre mann var fråverande på grunn av skade.

Bergsøy, som spelar i 2.-divisjon avdeling 4, serieopnar 8. september heime mot NTNUI Håndball.