- Det har oppstått utfordringar med designet knytt til vekt og djupnegang. Det har resultert i stans i produksjonen hos det spanske verftet Barreras, opplyser dagleg leiar Arild Myrvoll og styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten AS.

I pressemeldinga heiter det at selskapet no sikrar framdrift for bygging av kystruteskipa som skal setjast i trafikk langs Norskekysten frå 1. januar 2021.

Herøyselskapet har inngått en ti-årskontrakt med samferdselsdepartementet om fire fartøy som skal gå på strekninga mellom Bergen og Kirkenes fra januar 2021. To av skipene er under bygging på Tersan i Tyrkia, og to på det spanske verftet Barreras.

Har teke grep

Arild Myrvoll seier dei har teke grep for å sikre framdrifta. Det er brukt store ressursar på denne saka gjennom sommaren.

- Vi er opptekne av å halde framdrifta. Derfor er vi glade for at desse utfordringene blir avdekka på et så tidleg tidspunkt at vi kan finne gode løysingar. Vi har fått verft og designer til å utgreie alternative løysingar, og det vil i løpet av kort tid bli bestemt kva løysing som skal veljast. Produksjonen blir deretter gjenoppteken, heiter det frå Havila Kystruten.

Reiarlaget stadfestar elles at utfordringane har som har oppstått kan verke inn på den endelige leveringstida av skipa.

Bygging på Tersan i Tyrkia går som planlagt, og verftet der held framdriftsplanen, opplyser Havila Kystruten AS, som i pressemeldinga slår fast at det er sikra finansiering for alle fire skipa.