Ved utgangen av juni stod 440 utan læreplass i Møre og Romsdal. Dette er om lag 34 % av dei elevane som ønsker å fullføre utdanninga si som lærling i ei bedrift. Mange av desse vil få eit alternativt tilbod, likevel går mange utan eit tilbod som er retta mot deira behov. Nokre får godkjent lærekontrakt seinare og det er bra, men realiteten er likevel at fleire av desse hamnar i statistikken på fråfall i skulen. Dette er svært alvorleg!

Å stå utan læreplass gjev uheldige konsekvensar i ei periode i livet som er tøff frå før. Det er demotiverande og øydeleggjande for dei det gjeld. Mange kan få kjensla av å miste moglegheita for ei trygg og god framtid. Hardast vert dei råka, som har valt ei praktisk utdanning fordi det teoretiske ikkje ligg for dei.

Dersom ikkje offentleg og privat sektor stiller med læreplassar, vil mange elevar også framover droppe ut.  Den nasjonale målsetjinga er å motarbeide fråfall i skule og gjere utdanning meir praktisk for dei som treng det. Elevar som vel yrkesfag, burde få ein læreplassgaranti! Spesielt viktig er dette når ein veit kva utdanning betyr for levekår og samfunnsøkonomi. Læreplass-garanti vil vi løfte til fylkeskommunalt og nasjonalt nivå.

Lokalt har Herøy KrF  programfesta at vi skal doble talet på læreplassar i kommunen, der minst 1/3 skal ha eit inkluderingsperspektiv. Årsmeldinga til Opplæringskontoret Søre Sunnmøre for 2018, viser at Herøy kommune har  9 læreplassar, Ulstein kommune har 17. Volda kommune har 20 læreplassar. Vi er dårlegast i klassa samanlikna med nabokommunane!

Inkluderingsperspektiv – kva meinar vi med det? Jau, det er ikkje alle elevar i vidaregåande skule som har toppkarakterar, det er også nokon som har meir fråvær enn andre. Dette kan det vere ulike grunnar til. Vi meiner at også desse ungdommane skal få moglegheit til å fullføre det løpet dei har begynt på og er motivert for.

Dersom du er eining med oss, stem KrF – godt val!

Bendik Storøy Hermansen, Birgitte Sævik Pedersen, Filip Frøystad, Nikolai Z. Sæther

Herøy KrF