Det var ein heller jamn kamp, men Larsnes/Gursken er hakket betre på ballinnehav.

Tidleg i kampen måtte Eirik Voksøy Bringsvor (come back) ut med skade, men kom seinare styrka tilbake. Først 20 minutt inn i kampen kjem fyrste sjanse for LGFK med skot av Karl Gerhard Bringsvor. Ballen fer like utanfor.

Etterpå følgjer ei rekkje med corner, innkast og frispark. Ingen av laga fekk ballen i mål, men LGFK heldt presset mot Norborg/Brattvåg 2 til slutten av 1. omgang.

LGFK sin keeper Kurt Ove Longva, som har steppa inn for Ståle Remøy Pettersen, er ein bauta lengst bak og held mannskapet på plass.

I andre omgang skjer det mykje meir på bana. LGFK sin Steffen Moltu dominerer bakre rekkjer og tek seg resolutt av eit aggressivt Norbord/Brattvåg 2. Begge lag gjer kvar sine bytte i håp om at situasjonen endrar seg. Der er mykje frustrasjon og noko verbale utvekslingar. Norborg/Brattvåg 2 er nære med mål, men ingen ting går forbi LGFK sin keeper.

Ikkje så lenge før slutt blir det dømt straffe til LGFK, og Gustav Brandal Dimmen set ballen fint til høgre side for Norborg/Brattvåg 2 sin keeper. 1-0 til Larsnes/Gursken! Heimelaget held oppe intensiteten og er nær eit nytt mål, utført av Karl Gerhard Bringsvor, men lukkast ikkje. LGFK held fram med presset, både til to og tre sjansar, men motstandarlaget held att. Ein siste avslutning av Norborg/Brattvåg 2 får publikum i redsel og stemning. Men det endar 1-0 for LGFK.

Trenarane etter kampen

- Dette var ein typisk førstekamp, der begge lag spela jamt, og difor blir også resultatet jamt. I andre omgang tok vi meir over kampen, og det førte til siger, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Trenaren til Nordborg/Brattvåg 2, Kristian Holmeset Søviknes, verkar ikkje veldig skuffa over tapet etter kveldens kamp.

- Eg er ikkje misfornøgd med 1. omgang, då laget får brukt ballen og spelt rundt Larsnes/Gursken. Laget er ungt, men held ikkje mot heimelaget, seier han.

Lagoppstillinga

12 Kurt Ove Longva

Jørn Olsen

Bjørn Vikanes

22 Steffen MoltuKAPTEIN

10 Aleksander Kostopoulos Rekdal

11 Karl Gerhard Bringsvor

16 Robert Auflem Vik

19 Tor-Jørgen Sætre Kleppe

21 Eivind Mikal Torset

Gustav Brandal Dimmen

20 Bendik Dybdal Torset

Innbyttarar:

Eirik Voksøy Bringsvor

Henrik Almestad Hauge

Sondre Voksøy Bringsvor

Jens Jørgen Winsnes

Leiv Sindre Muren (strøket)

Lukas Fjørtoft Sandanger (strøket)

Arjan Tangen Almestad (strøket)