Allereie eitt kvarter inn i lampen, set Daniel Jøsok Kvalsvik det første målet, etter ein fin corner frå Marius Sporstøl. Eitt kvarter til og Franjo Tepuric scorar det neste. Og like før pause syter Marius Sporsøl for at Bergsøy kan gå til pause med 3-0-leiing.

- 1. omgang var veldig god. Spesielt i høve til det vi trena på då vi var på treningsleir i England, nemleg gjenvinningsfasen. Når vi mister ballen, får vi den kjapt igjen, og det var det som gjorde at vi fekk alle måla, seier trenar Frank Sverre Skorpen.

Tøffare 2. omgang

Bergsøy fekk behov for forspranget før pausen, for i 2. omgang var dei slitne etter mykje springing. Likevel, imponerer Franjo Tepuric då han scorar sitt andre mål om lag ti minutt før kampens slutt.

- Då tek Hareid litt meir over og får ei redusering. Eg er ikkje heilt nøgd med 2. omgang.  Der hadde vi meir å gå på, seier Skorpen.

Ikkje overraskande, er han likevel godt nøgd med kveldens prestasjonar. Særleg med tanke på at sigeren kom på grasbane.

- Planen var no siger, men ein veit aldri. Det er vanskeleg å spele på Hareid, ettersom vi ikkje er vande med grasbane. Men vi har trena på grasbanen på Moltu eit par gongar. Dette er kanskje den beste kampen vi har spela mot Hareid, seier trenaren.

På spørsmål om der var nokre spelarar som utmerka seg spesielt i kveldens kamp, svarer han:

- Lagkapteinen, Daniel Jøsok, som skåra det første målet, gjorde ein kjempejobb og var heilt utruleg. Også sentralmidtbanespelarane Kristoffer Dalstrøm og Fredrik Muren gjorde ein særs god kamp. Elles var det jamt godt nivå.

Ser fram mot lokaloppgjeret

Fredag 23. august møter Bergsøy LGFK på heimebane.

- Då går vi sjølvsagt for siger. Det er vårt fort, og det er gratis inngang, så då må publikum  «gå mann av huse» og stille opp, oppmodar Frank Sverre Skorpen.

Lagoppstillinga

Ruben Bjørlykke Storøy

Sondre Nygård Olsen

Trym Rekkedal

Petter Meland Aasen

Benjamin Leine

Kristoffer Cadua Dalstrøm

Fredrik Muren

Thomas Sætre Hauge

Daniel Jøsok Kvalsvik