Dette blir fartøy nummer åtte, ni og ti til Esvagt hvor NES leverer same IAS (Integrert automasjonssystem) og navigasjons- og kommunikasjonspakke med Concept bridge som til dei andre vindmølleskipa.

Kontrakten har ein verdi på 21 millioner kroner.

Godt konsept

- Vi er særs nøgde med konseptløysingane til NES. Gjennom langt samarbeid og mange prosjekt, har vi fått spesialdesigna ein utstyrspakke med ei løysing som er særs funksjonell til vårt behov, seier prosjektleiar Gerner Eskelund i Esvagt i ei pressemelding.

Levering av den første utstyrspakken med engineering er sett til mars 2020. I tillegg er det ein opsjon på levering av komplett tankepeilesystem og tankespeilsensorar som er ein integrert del av IAS.

Ein milepel

- Det er tidligare levert framdriftssystem frå NES til Esvagt. At vi no har selt ti konspetløysingar med automasjon og broløysingar, samt fem framdriftssystem til ein og same kunde er en milepel for oss, seier General Manager Sales & Marketing Svein Ove Farstad i NES. Det er veldig viktig at vi lyttar til kunden og tek omsyn til deira behov, det er på denne måten vi kan levere spesialdesigna konsepter tilpassa både kunde og skip.

Skipa er av Havyard 831L SOV design, og skal byggast av Havyard Ship Technoloy i Leirvik i Sogn. Dette er bygg nr 146, 148 og 149.