I helga vart folketalet på Sandsøya fleirdobla. Folketal skulle også syne seg å bli eit gjennomgåande tema under årets spel.

Sjeldan eller aldri har vi sett ei meir entusiastisk og kraftfull opning av spelet, føreteke av Sande sin fotballson Jan Åge Fjørtoft. Han sette spelet i bås med anna sunnmørsk verdiskaping, og trekte parallellar til det lokale engasjementet som er skapt for å auke aktiviteten og folketalet på Sandsøya.

Opninga, med den tilhøyrande prologen, sat som eit skot. Etterpå barst det rett over til dagleglivet på garden til Isak av Dollsøy, fattigsleg, prega av overtru og merkverdige figurar.

Nokre av desse figurane er berebjelkar i Kong Arthurspelet. Paret Dondrå (Marianne Brune Leikanger) og Skakk (Odd Kåre Wiik) må reknast som mellom dei mest interessante. Når Skakk endå ein gong har vidareutvikla sin rap og tilhøyrande hjulbeinte dans, rungar latteren over vollen.

Det var mykje nytt i Kong Arthurspelet i år. Spelet sin eminente komponist, Tale Vang Ellefsen, har æra både for ny musikk og andre musikalske innslag som gir spelet ein avgjerande viktig dimensjon.

Tingscena er alltid ny. I år vart det heilt ellevilt, der fruene til tinghovdingane hadde eit glimrande forspel. Så kom dei litt konservative og sidrumpa gubbane deira til tings.

I år presenterte Isak av Dollsøy ei urovekkjande utvikling for sine tingbrør: Det er altfor få fødslar. Utan at avslører alle detaljar vart denne dagsaktuelle problemstillinga på genialt vis sydd saman med den dagsaktuelle Bunadsgeriljaen. Kvinnene sette ned foten!

Elles på tingscena vart det internasjonal schwung over sakene når både Donald Trump, Kim Jung-un og sjølvaste Vladimir Putin kom til gards! Ei stund var det berre så det hagla med nordkoreanske rakettar på vollen (vel å merke av skumgummi).

Den oppglødde sauehaldaren Gneldre (Kim Sætre) tolka teikningane til Trump og bygde ei fødselsmaskin. Strutseegg og glutenfritt pulver var mellom innhaldet i det som sikra folketalsutvikling på garden til Isak.

Eit stykke ut i spelet kom Kong Arthur og hans menn til øya. Kongen vert spela av Oskar Fjørtoft Sandanger, som har vakse i rolla. Han har «alltid» vore med i spelet, og starta i det små, som sau.

Saueflokken, dei minste men mest sjarmerande i Kong Arthurspelet, strøymde også denne gongen inn på vollen – heilt ustyrlege. Denne gongen vart sankinga unnagjort raskt, då vi fekk ein parodi på «Raske briller»-songen. «Raske bjeller» gjorde susen!

Bittelitt lydrusk og eit par replikkvekslingar som ikkje sat heilt, er nesten berre sjarmerande. Kong Arthurspelet er to timar langt, og kanskje hadde det gjort seg å kutte ned eit kvarter. Men eit slikt spel treng nokre rolege periodar, innimellom sverdkamp, drap, flørting, dansing og moro.

Undervegs i spelet er det utruleg mange moropoeng, og ein bør kanskje sjå det fleire gongar for å få med alt saman. Og så er det nokre songprestasjonar av verkeleg høg klasse. Duetten mellom Frid (Marlen Hauge Knotten) og dottera Møyfrid (Eilen Kvamme) tok kaka nok ein gong. Nydeleg!

Elles nyttar vi høvet denne gongen til å gje ekstra honnør til Annbjørg Rovde Frågodt, som utfører sine to roller – Kvine og Gorskjefru Gorleide – på framifrå vis. Annbjørg er som skapt for Kong Arthurspelet!

2019-utgåva står ikkje tilbake for nokon andre framføringar sidan spelet såg dagens lys ved tusenårsskiftet. Det er lett å la seg imponere over kva «dei glade amatørane», med proff hjelp av regissør Oddbjørn, klarar å skape. Det er eit dramatisk, morosamt, inkluderande, innhaldsrikt og stadig nyskapande spel. Rørande flott.