Ventar storinnrykk til Sandsøya - gler seg over vermeldinga

- Det ser ut som dette blir framifrå. No er vergudane på lag med oss, igjen!

BRA UTSIKTER: Etter ei veke med variable meldingar varslar yr.no godever i distriktet vårt i morgon. Det er gledeleg nytt mellom andre for arrangørane av Kong Arthurspelet. 

INGUNN NOTØY: - Velkomne til spel, seier spelsekretæren.  Foto: Arkiv

New Articles

Det seier spelsekretær Ingunn Notøy.

Sande og Sandsøya bur seg no på storinnrykk. Det er duka for Kong Arthurspelet igjen.

Laurdag er det to førestillingar og søndag ei førestilling av det populære humorspelet på Kongsvollen.

Det har allereie teke til å kome bra med folk, samt båtar og bubilar, utover til øya.

Fekk ei lita utfordring

- Det blir ein mindre passasjerbåt som går skytteltrafikk mellom Larsnes og Sandshamn enn det vi først booka, etter ei mistyding frå leverandøren. Men dette skal vi løyse. Båten går kontinuerleg, og det er i tillegg sett opp stor buss på Voksa ferjekai, seier Ingunn Notøy.

Logistikken er ei utfordring for spelet, men ho håpar og trur at folk syner forståing og tolmod.

- Blir kjempebra

- Spelgjengen er spenna klare, og når det ordnar seg med veret, blir dette kjempebra, seier Notøy på vegner av arrangørane av spelet.

Lokalt blir det også matsal med middag både på Fiskarheimen og Rosenlund. Ungdomslaget har utedans med Sunnmøre Baarelag ved Dollstun laurdag kveld. Det er også open restaurant/pub på Rosenlund med trubadur fredag og laurdag kveld.

- Det blir mykje folk, og det er kjekt. Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne, seier Notøy.