Hødd-damene trenar på Jan Åge Fjørtoft stadion

Revitaliserte Gursken stadion, eller Jan Åge Fjørtoft stadion bana no heiter, får vitjing av høddarar fredag ettermiddag.
New Articles

Tidlegare i sommar vart det kjent at stadionanlegget i Myklebustmyrane, der det har vore lite drift i sommar, får namnet Jan Åge Fjørtoft stadion.

I dag, fredag, legg Hødd sitt damelag treninga til bana. Treninga startar klokka 17.30.

- Kjempekjekt, folk må gjerne kome og kike på, seier Jan Åge Fjørtoft. Han stiller som hjelpetrenar for Hødd-damene når det igjen er trening på bana som no ber hans namn.

Gursken stadion vart for tretti år sidan realisert mellom anna takka vere stor dugnadsinnsats i Gursken IL. I tillegg hjelpte overgangspengar som tilfall Jan Åge sin moderklubb å få anlegget bygt.


- Ei kjempestor ære, seier hovudpersonen:

Grasbana skiftar namn til "Jan Åge Fjørtoft Stadion"

– For meg er dette ei kjempestor ære. Saman med Gursken IL og andre gode krefter vil eg gjere mitt for at stadion skal oppgraderast til eit fullgodt anlegg igjen.

 

Sidan i sommar har bana blitt stelt og gjort klar for fotball.  Kåre Fjørtoft har som vanleg stått på.

- Det er gøy at det igjen blir spela fotball på bana, seier Jan Åge.