Innsendt

Bakstesøndag på Herøy kystmuseum

Den tredje og siste kultursøndagen på Herøy Kystmuseum denne sommaren er komande søndag, 11. august.

Helledrivarar 

New Articles

Då riggar bakstedeie Berit Klepp og «tenesttausa» Guri Aasen seg til i gamlekjøkenet, der godtfolk får vere med å steike helledrivarar/ settekaker og kinne smør, akkurat slik det vart gjort her på garden i gamal tid. Sjølvsagt får ein også lære rette måten å ringle sirup. Helledrivar utan ringla sirup er nemleg «berre ein halv-helledivar»!

Mange har nok også gode barndomsminne om fat med rjomeringe som stod til modning i bestemor sitt spiskammers. Overstrødd med sukker var det sommarens beste desert. Sjølvsagt vert det også råd å få seg ein prøvesmak på denne herlegheita.

Informasjon om tidspunkt finn du under Arrangement på Facebooksida til Herøy Kystmuseum.

Vi minner òg om at sommarutstillinga med lokal kunst, kunsthandverk og kortreist matglede i andre høgda i våningshuset er open fram til 18. august.

Hjarteleg velkomen til gammal og ung.