UP: Promillekøyring og høg fart på Nautøya

Utrykningspolitiet hadde onsdag ein trafikkontroll ved Nautøya. Her blei ein person teken for promillekøyring. Førarkortet til vedkomande er beslaglagt og personen er meld til politiet.
New Articles

UP skreiv også ut forenkla førelegg til to bilførar for høg fart. Den eine av desse to fekk også beslaglagt førarkortet på grunn av for mange prikkar. Føraren som hadde høgast fart skal ha køyrt i 100 km/t i 80-sona.