Frank Sverre Skorpen hovudtrenar

Assistenten rykkjer opp og blir ny hovudtrenar ut sesongen.

LEGENDE: Bergsøy Fotball omtalar Frank Sverre Skorpen (t.h.) som ei klubblegende. Her saman med leiar i sportsleg utval, Ronny Pål Kvalsvik.  Foto: BIL Fotball

New Articles

Etter at Tommy Malins brått slutta som trenar for Bergsøy sitt herrelag i 4.-divisjon tidlegare i sommar, tok Frank Sverre Skorpen mellombels over som hovudtrenar. No har Bergsøy IL tilsett Skorpen som trenar for A-laget ut 2019-sesongen, opplyser dagleg leiar Tom Beddari i Bergsøy Fotball.

- Frank Sverre er ei klubblegende som er godt kjend for dei fleste, og han har bidrege stort for klubben både på og utanfor bana i over tre tiår. No inntek han rolla som hovedtrenar på seniorlaget vårt, og vi ønskjer han lukke til med jobben, heiter det frå Bergsøy Fotball.

Bergsøy opnar haustsesongen med bortekamp mot Hareid 15. august. Same dag spelar Larsnes/Gursken heime mot Norborg/Brattvåg 2.