Det nærmar seg lokalval, og politikarane er inne i ein spennande og utfordrande periode der det gjeld å få fram sine partiprogram og kampsaker på best mogleg måte. Difor blir det mykje politiske meiningsinnlegg i lokalvisa framover.

Det er elles viktig at også innbyggarane i lokalsamfunnet engasjerer seg i lokalpolitikken og set seg inn i kva dei ulike politikarane og partia står for. Då står ein betre rusta når  Kommunestyre- og fylkestingvalet går av stabelen den 9. september.

Vi samlar alle innsende politiske debattinnlegg knytt til lokalvalet i september under fanen Fritt Ord på Vestlandsnytt.no. Du finn han i menylinja øvst på sida.