Uniform i helsevesenet

- Med denne bakgrunnen undrar det meg at det er så stor skilnad i dagens helsestell med omsyn til uniformering, skriv Gudmund Solstad.

DOKTERBESØK: Ein vanleg fiskar for nokre år sidan på doktorbesøk. Doktoren er i uniform, til og med med stetoskopet rundt halsen. Pasienten er «ikkje høg i hatten» Katta undrar seg.  Foto: Teikninga er henta frå «Lofotboka 1980».

New Articles

Når ein kjem opp i åra, vitjar ein  oftare og oftare helsestasjonar som legesentra og sjukehus, og  endå nærare, heimesjukepleie. Ser eg meg attende, er minnet om slike besøk prega av at dei som arbeidde i denne sektoren hadde ei eller anna form for uniform, gjerne kvite. No er det så mange år sidan, og besøka var sjeldne, så kanskje tek eg feil. Men det er slik eg ser det i ettertid.

Lenge trudde eg  at denne uniformeringa hadde sin grunn i hygiene, alle slags merker på «tøyet» ville lett merkast og sjåast. Ein liten flekk var nok til å finne fram ny drakt. Seinare tenkte eg at slik uniformering skapte tryggleik for god hjelp og behandling av dei plager som var grunnen til besøk hos t.d. legen.

Når ein i mange tilfelle kjem i kontakt med helsetenesta, er helsetilstanden alvorleg, ein tenkjer i alle tilfelle slik. Då får ein  stor respekt for legen, eller doktoren som det heitte før, og sjukepleiaren, som kan få ein på fote att, og hjelpepleiaren som tek seg av det daglege stell når det trengst. Då er det trygt å sjå at denne hjelparen har ei eller anna form for uniform, som på ein måte skapar tiltru og sikkerheit for at dei med uniforma representerer lang og godutdanning og praksis. Også dette med sosial status er med i bilete, sjølv om dette truleg har utjamne seg noko med åra.

Med denne bakgrunnen undrar det meg at det er så stor skilnad i dagens helsestell med omsyn til uniformering. Når eg kjem inn på eit sjukehus er alt personell uniformert. Besøket der går i starten føre seg akkurat som på eit legesenter her ute i periferien. Ein drøftar situasjonen med ein  eller fleire legar, og vert vist vidare til behandling av  spesialpersonell med same påkledninga. Det virkar trygt og godt. Namn og stilling er festa med skilt på uniforma.

Kvifor er det ikkje slik på helsestasjonane utanfor sjukehusa? Om ikkje anna er det greit å vite om det er ein pasient eller ein fagperson ein møter i korridorane. Folk flest har i dag lang utdanning, så den posisjonen landsens legar og sjukepleiarar tidlegare hadde, er borte for lengst. Og som nevnt, i sjukehusa er uniformeringa framleis fast praksis.

Gudmund Solstad