Fredag føremiddag møtte Bergsøy brasilianske FC Trops. Det enda med tap 0-5. Bergsøy-laget var mektig slitne etter eit tøft kampprogram.

- For all del; Trops var det beste laget, men vi hadde ei litt tøffare opplading med kamp veldig seint torsdag kveld, seier Ole Sande etter NC-exiten.

Bergsøy-spelarane var ikkje på skulen (basen) igjen før midnatt torsdag kveld, og så var det opp til frukost klokka 07.00 fredag.

- Vi såg det på spelarane. Dette tok på. Likevel greidde vi tidvis å gje Trops kamp. Dette er elles laget som slo ut det beste G14-laget på Sunnmøre, nemleg Hødd, opplyser Sande.

11-arlaget hadde 13 spelarar, og når to av spelarane var småskadde i kvartfinalen, inneber det samstundes at laget i praksis var utan innbytarar.

Ei hendingsrik veke er over for 14-åringane til Bergsøy, som saman med andre lokale lag gjorde ein flott innsats i Oslo.

- Vi har ikkje gjort det så bra i serien i år, men erfaringane frå Norway Cup gjer at vi ser fram mot ein god haustsesong. Her var det mange som tok nye steg undervegs i turneringa. Ein kjempegjeng å vere saman med, lyder attesten frå lagleiinga i Bergsøy IL.