Born: Leiker og spel

Musikk/film: CD, DVD, EP,LP – instrument

Bøker: Romanar, krim, hobby, faktabøker m.m.

Tekstilar: Gardiner, dukar.puter, solskjerming m.m.

Flytte for deg sjølv: Sofa, bord, stolar, skrivepult, belysning

Vi er heldige som får inn mykje pent.  Takk til alle gjevarar!

Vi er til saman ca. 30 personar som arbeider frivillig, og som synest det er meiningsfullt og kjekt å vere eit lag. Over nyttår skal vi markere 10-års jubileum, og eindel av oss har vore med sidan starten.  Gjennomsnittsalderen kryp oppover, og vi treng nye krefter som kan trå til når nokon må takke for seg.

Dei fleste er på jobb 2-3 dagar pr. månad (heile eller halve dagar) og alltid to ilag pr. dag.

Vi har bil til henting og bringing av møblar m.m., og treng fleire som kan løfte og bere.

Ved å støtte NMS-Gjenbruk er du med på å ta vare på miljøet, samtidig som du støttar Det Norske Misjonsselskap sine prosjekt i fattige land.

Velkomen til å ta kontakt, og hjelp oss til fortsatt å ha open butikk måndag til laurdag.

NMS-Gjenbruk Myrvåg, Brit Nilsen