Myklebust Verft ser pluss-tal igjen

Myklebust Verft fekk eit pluss på 4,6 millionar kroner i driftsrekneskapen for 2018. Resultat før skatt enda på - 1,0 million kroner.

Myklebust Verft mars 2018  Foto: Oddgeir Refvik

New Articles

- 2018 har vore eit viktig år knytt til omstilling og levering av seks nybygg, etter fleire år med tap. Året var prega av svært høg aktivitet, med 26 ettermarknadsoppdrag og 23 dokkingar, parallelt med nybygga, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i ei pressemelding frå konsernet.

Det skjer etter at Myklebust Verft måtte notere eit underskot på minus 74 millionar kroner i 2017.

Konsernrekneskap 48,7 mill. i pluss

Konsernet hadde i 2018 driftsinntekter på 2,140,1 millionar kroner. Konsernrekneskapen enda for 2018 med eit overskot på 48,7 millionar kroner før skatt. I hovudsak skuldast resultatet balansemessige endringar i høve Hurtigruten sitt oppkjøp av tre Kleven-selskap frå konsernet (Kleven Verft AS, Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS).


Ny optimisme pregar arbeidsdagen på Myklebust Verft: – Brikkene fell på plass

Sist veke kom ein etterlengta nybyggingskontrakt. No er også alle brikkene i det nye organisasjonskartet til Myklebust Verft i ferd med å kome på plass.

 

Det vart eit positivt driftsresultat på 4,6 millionar kroner for Myklebust Verft i 2018. Resultat før skatt enda på -1,0 million kroner.

Dei nemnde selskapa inngår i konsernrekneskapen til og med 30.06.2018, då selskapa vart utskilt frå konsernet. For konsernet blei 2018 eit spesielt år med skifte av namn, større strukturmessige endringar og delvis etablering av ny organisasjon.


Gledeleg framgang for verfta i Sande

Verftsnæringa generelt har slite i motbakke sidan offshorekrisa inntrefte for nokre år tilbake. Likevel finst det fleire teikn til lysning. I tillegg finn vi nokre som ikkje har vore kriseråka.

 

Positiv start på 2019
Første halvår i 2019 har, som Vestlandsnytt tidlegare har omtala, vore prega av høg aktivitet ved Myklebust Verft.

Dei største oppdraga har vore  lokale kundar som til dømes Sanco Shipping og Island Offshore. Med AKOFS-kontrakten som blei inngått i februar lykkast verftet med å hale i land det største ombyggingsoppdraget til no.


Myklebust Verft skal bygge ny brønnbåt til Sølvtrans

Onsdag 19. juni 2019 er ein historisk dag for Myklebust Verft. Den første nybyggingskontrakten etter at verftet igjen står på eigne bein, er signert.



Hide: - Dette var ekstremt viktig for oss

Som frittståande verft gjekk det eitt år før Myklebust Verft igjen kunne signere kontrakt på eit nybygg.

 

Mesteparten av arbeidet med AKOFS Seafarer skal vere utført innan oktober 2019.

I juni kunne Myklebust offentleggjere nybyggingskontrakt nr. 75. Det er reiarlaget Sølvtrans som kjem tilbake til verftet for å bygge ein forlenga versjon av søsterskipa Ronja Ocean og Ronia Diamond som blei levert i 2017. Levering av brønnbåten er kontraktsfesta til mars 2021.

For å styrke organisasjonen innan ei rekkje område har det så langt i 2019 blitt tilsett 15 nye medarbeidarar.


MMC First Process får stor ordre med Myklebust Verft

MMC First Process har gått inn i ein avtale med Myklebust Verft på fiskerihandteringssystem til eit nybygg for Sølvtrans.