Of­tast er det ord­fø­ra­ren vi ser klip­pe sno­ra når noko skal op­nast i Kom­mu­ne-Noreg. Men når ein av ei­ga­ra­ne av bar­ne­ha­gen tilfeldigvis er Her­øy Høg­re sin ord­fø­rar­kan­di­dat, sam­ti­dig som det er val­kamp og stats­mi­nis­te­ren skal på Herøy-besøk like et­ter at det nye ute­om­rådet til bar­ne­ha­gen er fer­dig – ja, då vert det gjer­ne litt ann­leis.

Fekk uteområde i 30-årsgave

Det spra­kar litt i høg­ta­la­ren oppe på «sjø­rø­var­sku­ta» i Troll-myra bar­ne­ha­ge i det ei­gar og ord­fø­rar­kan­di­dat Tine Stor­øy snak­kar inn i mik­ro­fo­nen

– Troll-bar­ne­ha­ga­ne be­står av to bar­ne­ha­gar: Troll-lia bar­ne­ha­ge og Troll-myra bar­ne­ha­ge. Den 1. ok­to­ber i år er Troll-lia 30 år, kunn­gjer ho, til ju­bel og hur­ra­rop frå dei man­ge gjes­ta­ne nede på bak­ken.

– Då tenkte vi at vi var nøyd­de til å mar­ke­re det skik­ke­leg – med at vi la­gar nye ute­om­råde i beg­ge bar­ne­ha­ga­ne, fortel ho.

Troll-lia sin nye leikeplass var fer­dig til jul, medan ar­bei­det i Troll-myra har heldt fram heilt fram til juni/juli.

– Kva pas­sa då bet­re enn å få stats­mi­nis­te­ren hit for å opne? Det er vi vel­dig stol­te av, sei­er Stor­øy, som eig bar­ne­ha­ga­ne i lag med In­ger Kris­tin Hå­heim Vike.

Med politisk bodskap

Det går litt tid før Erna Solberg kjem seg opp i «sjø­rø­var­sku­ta» – eit av dei sto­re, nye leike­sta­ti­va som bar­na i Troll-myra bar­ne­ha­ge for lengst har teke i bruk. Ik­kje for­di ho stre­ver med å kome opp (ho tek trap­pe­ne), men for­di det er så man­ge som vil hel­se på ho og ta bil­de med ho når ho først er i Her­øy. Dess­utan må no bar­na få syngje først. Tre son­gar syng dei, og et­ter­på skry­ter stats­mi­nis­te­ren.

Det vert sjølv­sagt ein li­ten tale med eit po­li­tisk bod­skap før Solberg nyt­tar den til­del­te sak­sa (Ho kan el­les in­for­me­re om at ho er blitt gans­ke god på å opne ting, og at ho har nyt­ta både øks, kniv og gra­ve­mas­kin).

– Nes­ten alle barn i Noreg går i bar­ne­ha­ge. Bar­ne­ha­gen er utru­leg vik­tig for alle som går der, både når det gjeld trygg­leik, triv­sel og leik. Men bar­ne­ha­gen er også eit vik­tig om­rå­de for å job­be med fø­re­byg­gan­de og tid­leg inn­sats: Å hjelpe dei vi ser at kan­skje treng litt ekst­ra, også når det gjeld so­si­a­le fer­dig­hei­ter. Det som gjer at ein er rus­ta for å kla­re seg i vak­sen­li­vet star­tar fak­tisk med det som skjer i ein god og trygg bar­ne­ha­ge – Ein bar­ne­ha­ge som gir meist­ring, men som også vi­ser at vi kan leike og ha det gøy, sei­er Solberg.

Ho kom­men­te­rer også kor bra ho sy­nest et nye ute­om­rådet til Troll-myra bar­ne­ha­ge har blitt.

– Det er fan­tas­tisk fint å sjå kva for mog­leg­hei­ter de har til å dri­ve med klat­ring, fy­sisk ut­fal­ding, ba­lan­se­øv­ing og alt mog­leg her.

Etter talen, vert det  tid til eit sjokoladekakestykke og ein kaffitår, før turen går vidare til neste post på programmet: Den offisielle opninga av det nye valkampkontoret til Herøy Høgre, som du kan lese om her:

- Meir for alle

Anett Mari Hod­ne­land Tar­berg går for det mes­te rundt og smi­ler. Det er ein stor dag for henne. Ho har trass alt vore bar­ne­ha­ge­sty­rar i 29 år, først for Troll-lia og sei­na­re også for Troll-myra, et­ter at banehagen vart opna i 2006.

– Troll-lia har eit spe­si­elt og heilt na­tur­leg ute­om­rådet. Her i Troll-myra har vi ik­kje det, så vi har i stør­re grad måt­te opp­sø­ke fjell og fjø­re. No som om­rå­det er blitt opp­gra­dert, vert det litt meir for alle al­ders­grup­per, sei­er Tar­berg.

Ho un­der­stre­kar el­les at sjølv om beg­ge bar­ne­ha­ga­ne no har fått opp­gra­dert ute­om­råda sine, vil dei hal­de fram med å ta med bar­na ut på ut­fluk­ter.

Til slutt nyt­tar ho hø­vet til å skryte av Lekolar, som har le­vert dei nye lei­ke­områda.

– Dei fekk berre eitt stikk­ord, og det var at det skul­le vere ma­ri­timt. Det er blitt utru­leg fint, sei­er Anett Mari Tar­berg.