Color Hybrid levert frå Ulstein Verft

Verdas største plug-in hybridfartøy er no levert frå Ulstein Verft.
New Articles

Kjempeferja vart fredag levert frå Ulstein Verft til Color Line. Skipet er med sine innovative og miljøvennlege løysingar eit viktig prosjekt både for Ulstein, Color Line og den maritime klynga.

- Vi har alltid lagt vekt på å tenke nytt og levere kvalitet til våre kundar. Med brei maritim kompetanse har våre dyktige og engasjerte medarbeidarar gjort ein stor innsats for å ferdigstille Color Hybrid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i ei pressemelding frå Ulstein Verft.

Ho held fram:

- Vi vil takke Color Line for eit godt og konstruktivt samarbeid gjennom heile byggeperioden og vi er glade for at skipet no kjem i drift og at mange etterkvart skal få oppleve å reise på tur med Color Hybrid.

Mellom Sandefjord og Strømstad

Color Line seier det slik i samband med overleveringa:

- Skipet sett global standard for miljøvenlege skip, og representerer ei betydelig fornying av shopping- og opplevingstilbodet til reisande mellom Norge og Sverige. 9. august går jomfruturen fra Sandefjord til Strømstad.

Over 70% av leverandørane på Color Hybrid er frå den maritime klynga i Norge og dei representerer det ypparste innan maritim næring.

- Bygginga av verdas største plug-in hybrid skip er i tråd med våre ambisjonar om vidareutvikling av berekraftige og miljøvenlege løysingar for norsk skipsfart, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.

Grøn, smart og innovativt

Color Hybrid tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp frå skip. Skipet er ein plug-in hybrid, der batteria på fem megawatt kan ladast via en straumkabel med miljøvennleg straum frå landstrømanlegg på kaia i Sandefjord. Skipet vil gå ut og inn av Sandefjordsfjorden tilnærma lydlaust og utan utslepp av skadelege miljøgassar, eller nitrogen- og svovelpartiklar til luft i området.

Batteripakken veg 65 tonn og kan ladast på ein time. Skipet har i tillegg eit varmereservoar på fem megawatt som utnyttar varmen både frå kjølevatnet og eksosen til oppvarming. Saman med ein optimal skrogkonstruksjon bidreg dette til å gjere skipet energieffektivt og miljøvennleg.

Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.