Onsdag føremiddag var det klart at Bergsøy sitt G14-lag var det einaste attverande av Herøy- og Sande-laga i Norway Cup, og attpåtil i A-sluttspelet.

16-delsfinalen mot Lambertseter vart sjansefattig, og i ordinær tid kanskje med eit lite sjansemessig overtak til Oslo-laget. Men Bergsøy leverte i fylgje ein av legleiarane, Ole Sande, ein kanonkamp i alle ledd.

- Lukas Gjerde redda det som var. Når vi også tok over kommandoen spelemessig i ekstraomgangane, synest eg det var heilt OK at vi til slutt trekte det lengste strået. Strålande innsats av samtlege, oppsummerer Sande.

Det høyrer også med til historia at Lambertseter brende eit straffespark like før slutt.

Straffedrama

Jubelen i Bergsøy-leiren var stor då Benjamin Kvalsvik sette inn det avgjerande målet i straffesparkkonkurransen. Denne enda med 3-2 til herøyværingane.

I åttandedelsfinalen møter Bergsøy det defensivt sterke Oslo-laget Ready. Den kampen går klokka 20.45 torsdag kveld. Om Bergsøy vinn denne, kan faktisk Hødd bli neste motstandar. Men det er reint teoretisk.

- Karane jobba på gjennom heile kampen. Det var imponerande å sjå denne innsatsen, skryt Sande. Saman med laget og dei andre lagleiarane kursa han torsdag ettermiddag tilbake til skulen for å slappe av nokre timar før neste kamp.