Laget slo til med 2-1 mot Oslo-laget Ready, etter at herøyværingane scora begge sine mål i andre omgang. Gustav Remøy Sande (heading etter corner) og Martin Elveseter (fint skot) var kampens målscorarar.

Like før slutt reduserte Ready på straffe, men rett etterpå vart kampen avblåst.

Dermed er laget klar for ein grytidleg kvartfinale fredag morgon klokka 09.00.

Kampen starta relativt seint på grunn av ekstraomgangar og straffekonkurransar i føregåande kampar. Klokka var difor passert 22 torsdag kveld då dommaren bles av, og Bergsøy hadde imponerande nok kome seg forbi nok eit hinder.

Evna til gjenvinning

- Det var ein svært god kamp av oss, eit underhaldande oppgjer, seier Bergsøy-leiinga sin "pressetalsmann", Ole Sande.

Han slår fast at sjølv om Ready kanskje hadde ballen mest, så var det Bergsøy som produserte dei fleste målsjansane.

- Det er nok ein gong arbeidmoralen, og ikkje minst evna til gjenvinning av ball, som gjer at vi kan gå sigrande ut av kampen, lyder Sande si oppsummering.

Bergsøy sitt 11-arlag spelar altså på stor bane, og med berre 13 spelarar i troppen kan det reknast som ei aldri så lita bragd å nå så langt. Men eit godt kollektiv synest å ha slått veldig positivt ut for gjengen.

Lagleiinga til Bergsøy ynskjer også å rette ei takk til sin tilhengarskare. 50-60 raud-kvite supporterar kransa bana og heia fram sine unge talent.

Brasiliansk motstand

Og Bergsøy kan nå lenger. Då må dei seinke brasilianske Trops FC , som torsdag slo Hødd ut av turneringa i åttandedelsfinalen.

- Trops er eit fysisk sterkt lag. No skal gutane rett av stad for å ete, restituere og sove før morgondagens oppgjer, seier Ole Sande på telefon frå Ekebergsletta torsdag kveld.

Sande-gut i finalen!

Dei andre laga frå Herøy og Sande rauk ut onsdag og tidleg torsdag. Men det kan vere på sin plass å nemne at Sande, eller nærare bestemt Voksa, har ein representant i finalen. Det eine av Vanylven FK sine sjuarlag i G15/16-klassa har nemleg spela seg til finalen. Der er Torbjørn Baade ein av bidragsytarane. 15-åringen var i fjor med på Larsnes sitt lag som nådde kvartfinalen i klassa G14. Vi gratulerer også VFK og Baade. Det sterke Vanylven-laget spelar finale mot Nesodden fredag klokka 14.00.