Det seier Agnetha Hjelmeseth Remøy (25) i ei melding til Vestlandsnytt tysdag, nokre timar etter heimkomsten.

Laurdag skreiv Vestlandsnytt om den unge kvinna frå Herøy, som vart halden tilbake i Tyrkia etter å ha vore inkludert i ein trafikkulukke. Remøy hadde teikna best mogleg reiseforsikring med Gjensidige, og trudde ho var forsikra då ho steppa inn som sjåfør i ein leigebil. Problemet var at leigebilen var registrert på venninna.

Agnetha står framleis i fare for å måtte betale store erstatningskrav etter hendinga, men no har ho i det minste fått reise heim. Og eigentleg kan det verke som ho kunne ha gjort det heile tida.

25-åringen hadde fått utreiseforbod til saka var avklart, men då ein lokal tyrkar som hadde kjennskap til systemet vart med til politistasjonen for å spørje om forbodet, hadde dei ingen svar.

Vidare drog dei til tinghuset for å sjekke. Dei fann saka til Agnetha, men der stod det ingenting om utreiseforbod.

- Då tenkte eg at eg berre fekk ta sjansen og ta første fly heim, så får vi sjå korleis det går, seier Remøy til TV2, som først omtala denne saka.

Slappa ikkje av før ho kom heim

Ho var elles nervøs då ho drog til flyplassen. Det gjekk elles bra, både gjennom passkontrollen og medan ho venta på å gå om bord i flyet.

- Eg gret då flyet letta, seier Remøy til TV2.

Tysdag føremiddag kunne familien endeleg plukke ho opp på Vigra lufthavn.

Framleis uvisst

Det er framleis uvisst kva utfallet av saka blir, men Agnetha er klar på at ho ikkje har røymd frå ansvaret sitt.

-  Eg skal gjere opp for meg. Dette er noko eg har gjort, og det er noko eg skal stå til ansvar for, men det må eg ikkje vere i Tyrkia for å gjere, seier ho til TV2.

Mange vil hjelpe

Mange har engasjert seg i saka om Agnetha, og søndag vart det oppretta ei eiga støttegruppe på Facebook, med formål om å samle inn pengar for å hjelpe den unge kvinna.

- Eg har lagt merke til støttegruppa og er utruleg takknemleg og røyrt av dette, seier Agnetha til Vestlandsnytt.