- Mora til venninna mi forlenga ferien sin med ei veke, så eg slepp å vere her åleine, seier Agnetha Remøy til Vestlandsnytt.

Og godt er det, for ho har det ikkje særleg godt for tida.

- Eg tek dag for dag. Eg veit ingenting. Advokatane jobbar for at eg skal få reise heim.

Agnetha Hjelmeseth Remøy (25) vart med venninna, Amalie Tarberg, til Amalie sine foreldre sin ferieleilegheit. Etter 10 dagar vart idyllen broten. Foto: privat

9.  juli 2019: Sjukepleiaren frå Herøy er på ferietur i Tyrkia saman med tre venner, alle frå Herøy. Dei vil sjå meir av landet, så dei leiger ein bil. Agnetha si venninne, Amalie Tarberg, vert registrert som sjåfør. Utpå dagen føler ho seg uvel, og dei gjer et sjåførbytte. Agnetha set seg bak rattet.

Så smell det.

Ein scooter kjem i full fart inn i passasjersida. Remøy har oversett eit rødt lys i ein uoversiktleg rundkøyring.

Vennene i leigebilen slepp unna med nokre skrubbsår frå ei knust vindaugsrute. Mopedføraren, ein mann i 30-åra, vert frakta til sjukehus med ambulanse.

- Politiet tok avhøyr der og då. Deretter sat eg på i politibilen til politistasjonen der vi vart sitjande i fleire timar. Eg forstod ikkje noko, dei snakka berre tyrkisk. Det var så skummelt å ikkje kunne kommunisere. Heldigvis var det etter kvart nokon som lette fram Google Translate, seier Remøy.

Den natta vart ho låse inne i noko ho seier liknar eit bur.

- Det var heil forferdeleg, og eg visste ikkje kva som ville skje, fortel ho.

Dei fire vennene levde i ferieidyll før ulukka plutseleg inntraff. Frå venstre: Markus Tarberg, Agnetha Hjelmeseth Remøy, Celine Ytterland Voldsund og Amalie Kristine Tarberg. Foto: privat

Ikkje dekt av reiseforsikringa

Men det skulle bli endå verre, for det viste seg at Gjensidige ikkje «stod på hennar side».

- Då eg teikna reiseforsikringa, sa Gjensidige at dette er Reise Pluss, den beste ordninga dei har. Og så ser ein på oversikta at det står at du har rettshjelp, det står ein del om dei viktigaste tinga, sa Agnetha tidlegare til TV2, som først omtala saka.

Det skulle vise seg at den tilsynelatande fantastiske reiseforsikringa ikkje dekka noko som helst: verken skade på køyretøy, sjukehusrekning eller mogleg erstatningskrav for mopedføraren. Ikkje ein gong rettshjelp hadde ho rett på.

Bortgøymd i forsikringsavtalen, mellom eit punkt om fukt og råte og eit punkt om førar av luftfartøy, står det nemleg at avtalen ikkje gjeld førar av bil.

Det får sinnet til Agnetha sin far, Arnfinn Remøy, til å koke.

- Det gjekk faktisk tre dagar før vi høyrde noko. Då fekk eg ein mail der det vart vist til side 37 i forsikringsavtalen, seier han til TV2.

Så langt har familien brukt 50.000 kroner på å hyre inn advokatar i Tyrkia og Noreg.

Gjensidige snur, men berre på eitt punkt

Kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll stadfestar ovanfor TV2 at fleire går på same blemme som Agnetha, men meiner at Gjensidige ikkje har noko ansvar i denne saka, trass i det uoversiktlege avtaledokumentet. Han vedgår elles at:

- Det er alltid mogleg å gjere ting betre, og det får vi ta med oss vidare, så ein kunne kanskje ha vore endå meir oppmerksame på dette.

Kort tid etter at TV2 byrja å jobbe med saka, snudde Gjensidige på eitt punkt:

- Vi har stor forståing for situasjonen, og difor er det gledeleg at vi har snudd når det gjeld rettshjelpsdekning. No får ho juridisk bistand frå Gjensidige, slik at ho kan få gode advokatar både i Tyrkia og Noreg. Dermed kan ho få så god bistand som mogleg, og samtidig sikrar det at kunden vår kan kome trygt heim, seier han til journalisten.

Er redd

Inntil vidare har herøyværingen fått utreiseforbod og må opphalde seg i Tyrkia til saka er nærmare avklart. Kva det heile vil koste til slutt har ho inga aning om.

- Det verste er eigentleg uvissa om kva som skjer vidare. Vi forventar sjølvsagt det verste, seier Remøy.

Midt oppi all elendet, er ho elles glad for at ho bur i vennefamilien si ferieleilegheit, og at venninna si mor tek vare på ho.

- Elles måtte eg ha budd på hotell medan eg venta, og det hadde blitt veldig dyrt.

Ute av sjukehuset

Agnetha fekk nyleg vite at mopedisten som vart råka har kome heim frå sjukehuset. Kva sjukehusrekninga hans kjem på, og kva han eventuelt krev i erstatning, kan vere avgjerande for Agnetha sin økonomi.

- Det vert ei forhandlingssak for advokatane, seier ho.