Warholm har vore utan eigen utstyrsavtale sidan nyttår, men skal no representere den tyske sportsgiganten som er mest kjent for å ha vore Usain Bolts gamle arbeidsgivar.

– Han er ein av dei beste utøvarane nokosinne i Noreg, seier Pumas Colin Jackson til NTB.

Briten Jackson er dobbel verdsmeister og fire gonger europameister på 110 meter hekk.

Warholm har fått gratulasjonar frå blant andre Manchester Citys manager Pep Guardiola, fotballspelarane Axel Witsel, Thierry Henry, Marco Reis og den raskaste mannen i verda, Usain Bolt.

– Eg er starstruck. Eg skal halde fram å trene og er veldig stolt, seier Warholm under pressemøtet i Oslo.

– Det Karsten gjer er veldig unikt. Vi signerer han som ein verdsklasseutøvar. Han kan bli ei stor global stjerne, seier Pumas administerande direktør i Noreg Bjørn Gulden.

Stadfestinga kjem berre tre dagar etter at Warholm smadra sin eigen europeiske rekord på 400 meter hekk i London med tida 47,12, som også er årsbeste i verda og sjuande beste tid gjennom tidene.

Då sprang han med den norske landslagsdrakta, med nettopp Puma på brystet. Då Warholm sprang Bislett Games i juni, var det Nike som pryda brystet.

TV 2 skriv at avtalen til Warholm både sikrar han ei god lønn og gjer at han blir ein høgt prioritert utøvar i form av spesialisering av utstyr.