Nyhende →
Båt stolen frå Skare feriesenter
Klokka 13.41 søndag etterlyser politiet ein svart og kvit Susumar med tilhøyrande motor på 9,9 hestekrefter. Båten skal vere stolen frå Skare feriesenter på Sandsøya i løpet av det siste døgnet. Politiet ber om opplysningar i saka, og ein blir då beden om å ringe 02800.