Det melder Ulstein Group i ei pressemelding fredag. Den 20 meter lange servicebåten er under bygging ved Sletta Verft, og er utvikla av Tomra Engineering.

– Systema våre skal integrerast av vår samarbeidspartner Elmarin i Kristiansund. Vi leverer både til større og mindre fartøy med våre framtidsretta nye system, og i dette tilfellet mindre system. Det er spennande å få vere med på eit slikt prosjekt mot havbruksnæringa, seier Gunnar Gjersdal i Ulstein Blue CTRL.

I samband med offentleggjeringa av byggekontrakten med verftet i 2018 sa dagleg leiar i Frøy Vest, Joar Gjerde, følgjande i ei pressemelding:

– For å tilfredsstille framtidige miljøkrav blir det installert dieselelektrisk framdriftssystem i kombinasjon med ein betydeleg batteripakke som vil vere den største batteripakken installert på større servicebåtar til no. Med ein kapasitet på 170kWh, vil dette bidra til betydeleg redusert utslepp av miljøgassar, lavare drivstofforbruk og betre komfort.