MS Roald Amundsen er levert:

- Dette er eit fantastisk skip bygd av fantastisk dyktige folk

Ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen er levert frå Kleven Verft til Hurtigruten. Overlevering med flaggskifte tok stad tysdag 25. juni 2019.

Hurtigruten MS Roald Amundsen  Foto: Hurtigruten

New Articles

- Det er med stor glede eg kan melde om at vi har levert MS Roald Amundsen til Hurtigruten. Dette er eit fantastisk skip bygd av fantastisk dyktige folk, seier Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS i ei pressemelding.

MS Roald Amundsen er spesialbygd for nokre av verdas mest krevjande og spektakulære farvatn. Ekspedisjonsskipet er verdas fyrste hybriddrivne cruiseskip, og har plass til omlag 500 gjestar. Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av tilsvarande storleik. I tillegg er skipet utstyrt med isforsterka skrog.

Olav Nakken rosar dei tilsette

MS Roald Amundsen er verdas fyrste på fleire område, hevdar verftet, og har vore ei god utfordring for skipsbyggarane.

- Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette. Å levere eit så komplisert produkt i ein krevjande periode, og at vi samstundes med dette også har levert ein serie ankerhandterarar til Maersk, er noko alle som har bidratt til kan vere veldig stolte av. Med interiøret, teknologien og det heilt unike designen, er MS Roald Amundsen det ypparste som nokon gong er levert frå eit norsk verft, seier Olav Nakken.

- Vi har opparbeida oss ei unik kompetanse her på verftet gjennom dette prosjektet, noko som set oss i ein heilt ny posisjon når det kjem til bygging av passasjerskip, fortel Nakken, og legg til at det er fleire som har god grunn til å vere stolte over denne jobben.

Søsterskipet MS Fridtjof Nansen blir også bygd ved Kleven Verft, og skal leverast mot slutten av året. Design av begge skip er levert av Kongsberg Maritime AS.