For nokre veker sidan var tida komen for Øystein Liavåg å gje stafettpinnen vidare. Han hadde til då drive det som i dag er Sunkost på Blåhuset i over 32 år. Inn kom ein av dei andre butikkdrivarane på Blåhuset, Geir Idar Knotten.

– Eg tenkjer det er ei tid for alt. No var det greitt å gjere dette valet, seier den spreke 75-åringen til Vikebladet Vestposten.

Først – for rundt eit år sidan, kom Liavåg i prat med Geir Idar Knotten, som er ein av nabodrivarane på kjøpesenteret – og lufta tanken om å selje verksemda.

– Vi jobba med tankane over lang tid, og etter mykje om og men, kunne vi signere avtalen for nokre veker sidan. Det ordna seg til slutt, seier Geir Idar Knotten smilande.

– Vurderte å avvikle

Men det er ikkje berre glitter og grøne skogar i historia bak overtakinga. Geir Idar Knotten driv i dag Creativo på Blåhuset, der han sel alt ifrå hobbyartiklar til musikkinstrument. Og hadde han ikkje fått i hamn avtalen om å ta over Sunkost etter Øystein Liavåg – kunne han fort stått att utan noko.

– Eg var faktisk på grensa til å annonsere om opphøyrssal. Det har vore knalltøft ei tid, og hadde det ikkje blitt til at denne avtalen gjekk i orden, så hadde det moglegvis vore stopp for Creativo i løpet av sommaren, seier Knotten.

Det var behov for sterk reduksjon i talet på tilsette. Som igjen ville føre til redusert fagkompetanse – noko som ikkje lét seg kombinere med å drive ein fagbutikk, meiner Knotten.

Stabil kundemasse

Den nye Sunkost-drivaren fortel at det har vore spesielt tøft for Creativo med tanke på ei omsetning som har vore mykje opp og ned.

– Sunkost – som har ei lang historie, har ein meir innarbeidd og stabil kundemasse, og totalt sett vil vi få ein betre situasjon. Sjølv skal eg fordele arbeidstida mi mellom begge butikkane. På denne måten får vi bemanningskabalen til å gå opp. Vi har også gjort nokre grep for å betre lønsemda, mellom anna bytta til eit enklare kassasystem og rekneskapssystem, som gjer at vi sparer mykje pengar. Totalt sett er omstillingane vi no har gjort vore naudsynte, men også gode grep, seier Geir Idar Knotten.

Meir forbruksvarer

– Vi spissar utvalet i Creativo inn mot å ha meir såkalla forbruksvarer, seier Geir Idar Knotten og legg til:

– Vi går frå det å ha mykje interiørartiklar og fine pynteting, til å fokusere meir på satsingsområda vi har innanfor musikk, hobby, kakebaking og gåveartiklar.

– Det du framleis vil finne i butikken, er musikkinstrument og rekvisita, eit godt utval av måling, penslar, lerret – og andre elementære hobbyartiklar, samt papir, borddekking, partyartiklar og artiklar til baking og pynting av kaker. Konfirmasjonssesongen er viktig for oss, og vi sel også mykje til dåpar, bryllaup og festlege lag.

Creativo er mellom anna forhandlar for Yamaha, og sel alt ifrå små til store musikkinstrument, og anna relevant utstyr.

– Vemodig, men godt

Geir Idar Knotten reiste på kjedesamling i Sunkost saman med Øystein Liavåg før påske, og fekk god innsikt i helsekostkjeda der.

– Det er sjølvsagt mykje å setje seg inn i, men det gjer eg med glede. Eg ser på det som ein trygg bransje vi har investert i, seier Knotten, som også tenkjer på ei mogleg samlokalisering for dei to butikkane på senteret.

Øystein Liavåg fortel til lokalavisa at det er litt trist å takke farvel til verksemda han har drive sidan han først starta opp i Bjørndalsvegen 10. oktober 1986 – for snart 33 år sidan. Den gongen heitte verksemda Biomiljø.

– Det var litt vemodig, men også godt. Eg trappa gradvis ned det siste året, men det tok sjølvsagt litt tid å venne seg til tanken om å gje slepp på noko ein har heldt på med lenge. Men no kjennest det eigentleg ganske greitt ut. Geir Idar er ein solid kar, som viser stor vilje til å setje seg inn i helsekostbransjen, og det er nettopp den stå-på-viljen Sunkost Ulsteinvik treng vidare. Eg er trygg på at dette var eit godt val, seier Øystein Liavåg.

Denne saka var fyrst publisert i Vikebladet.