- Dette var ein kamp under pari frå vår side, og slik sett må eg seie det var utruleg gledeleg med ei slik avslutting.

Det seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff. Tre minutt på overtid sette innbytar Sondre Bringsvor Voksøy inn det avgjerande målet.

Siste kvarteret av kampen såg det ut som om Hødd melde seg heilt ut av kampen, medan Larsnes/Gursken melde seg tilsvarande på.

Kampen gjekk på ei fin, men våt Larsnes-matte, og det var Hødd-spelarane som best såg ut til å takle den snøgge fotballen bana inviterte til. Dei kombinerte fint, men det var langt mellom målsjansane.

Midtvegs i første omgang sprang Tobias Hatløy forbi eit skliande LG-forsvar og banka ballen forbi Ståle Pettersen. 1-0 til Hødd 2.

Utover i omgangen såg vi ein tendens der eit redusert LGFK i større grad fann opningar i Hødd-forsvaret. Både Karl Gerhard Bringsvor og Ståle Dimmen hadde store moglegheiter, utan nettkjenning. Bakover hadde heimelaget rimeleg bra kontroll.

"Har vi gitt opp?"

Heimelaget sin 3-5-2-formasjon med låge flankespelarar fungerte tilsynelatande fint defensivt, men laget hadde vanskar med å utfordre framover på bana.

Sju minutt ut i andre omgang auka Hødd sine nest beste til 2-0, etter ein cornersituasjon. Håkon Fjørtoft var heilt umarkert på bakarste stolpe og knalla inn dei blå-kvite sitt andre mål.

Underteikna overhøyrde ein kommentar nykomar for Sande-laget, Gustav Dimmen, ropte til LGFK-benken midtvegs i omgangen:

"- Har vi gitt opp?"

Det såg nemleg slik ut. Heimelaget verka daffe og uinspirerte når dei skulle utfordre høddarane.

- Gustav hadde litt rett. Det såg unekteleg mørkt ut på dette tidspunktet, forklarar trenar Hoff etter kampen.

Men så ...

Nokre byte og litt meir fart i lengderetninga sette fart på heimelaget i siste del av kampen. Først reduserte Jørn Olsen til 1-2 etter ein dødball i det 80. minutt. Då fekk LGFK trua på at dei kunne få noko ut av oppgjeret. Ein hands i feltet førte to minutt seinare til at dommar Daniel Refsnes (Herd) peika på 11-meteren. Korrekt nok.

Leiv Sindre Muren har teke mange straffespark gjennom karrieren, og var sikkerheita sjølv. Dermed stod det 2-2, og framleis var det åtte minutt att av ordinær speletid.

På dette tidspunktet var det langt meir action i kampen, og begge lag hadde fine overgangsmoglegheiter som vart skusla bort. Og så – tre minutt på overtid – skaut unge Sondre Bringsvor frå hjørnet av 16-meteren. Ballen gjekk via ein Hødd-spelar og i nota, sjølvsagt til stor jubel på Larsnes stadion!

- Sondre har det i seg, han har eit godt skot, skryt ein letta trenar etter kampen.

Hoff har ikkje så mykje positivt å ta med seg etter kampen, men det faktum at laget hans dominerte slutten av begge omgangar, må reknast som ei fin trend. Det stadfestar kanskje at sandssokningane har trena godt i år?

Anders Helsem Hoff trekkjer fram Jørn Olsen etter kampen mot Hødd 2.

Vi vil også framheve Christoffer Brune Rekdal, som jobba fornuftig og godt heile kampen gjennom. Og så er det ei tryggheit med ein bauta som Steffen Moltu der bak.

Elles må det seiast at Hødd sin herøygut Pijus Marcinkevicius synte sitt store potensiale i store delar av kampen. Han kan ta store steg, med rett utvikling og matching vidare framover. Skal tru om han får prøve seg på førstelaget snart?

- Det var ingen direkte dårleg kamp av oss, men langt ifrå ein god kamp. No har vi etablert oss på eit bra nivå på tabellen, og det er gledeleg. Men vi må nok opp nokre hakk spelemessig for å vere der vi skal, oppsummerer Anders Helsem Hoff.

Fredag kveld tok han med spelarane på lokal quiz i samband med Sumarsamkome på Larsnes.

Med tre ferske innkasserte poeng innabords.