- Dette er ein milepåle, og det var ekstremt viktig for oss. No er vi der vi ynskjer å vere, etter at siste brikken i våre definerte satsingsområde er på plass i ordreboka. No gler vi oss til å ta fatt på det nye prosjektet. Og vi ser framover.

Det seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft.

Onsdag vart det kunngjort at det tradisjonsrike verftet på Vågsneset i Gursken hadde teikna avtale med Sølvtrans AS på bygging av ein større brønnbåt til Sølvtrans AS.

Myklebust Verft, som skilde lag frå Kleven-konsernet i fjor sommar, har lagt nokre utfordrande år bak seg. Det har ikkje leiinga i selskapet lagt skjul på. Takka vara godt samarbeid med bankar, tilsette og andre samarbeidspartnarar kom verftet seg heilskinna gjennom dei tøffe åra frå 2015 til og med 2017.

Rekneskapen for 2018 er framleis ikkje heilt klar, men Hide slår fast at pilane no peikar rett veg.

- 2018 var eit år der vi stabiliserte økonomien, og utviklinga i 2019 syner at vi tener pengar igjen. Det er både gledeleg og inspirerande, kommenterer Hide.

Leveransen av nyeskuta til Sølvtrans er eit stykke fram i tid, men førebuingane har allereie starta.

- Vi kjem til å etablere eit team som er knytt opp mot byggjeverftet ved Istanbul. Tyrkia er eit nytt skrog-land for oss, og vi ser fram til å samarbeide med skrogverftet der nede, sjølvsagt i tett samarbeid med Sølvtrans. Frå neste sommar vert det fullt køyr her fram til leveringa i mars 2011, seier Hide til Vestlandsnytt.

At det første nybygget vart ein brønnbåt, og til Sølvtrans, er også bra, meiner Hide:

- Vi har erfaring på bygging av slike båtar, som vart gjennomført i fin stil i 2017, då vi leverte Ronia Diamond og Ronja Ocean. Vi dreg også nytte av denne erfaringa, ikkje minst i høve til den risikoen som alltid i er i marknaden, når vi tek laust på dette prosjektet, seier Hide.

Verftet har gjennom vinteren og våren hatt godt med arbeid i ettermarknaden. Tidlegare denne våren kom nyheita om det store prosjektet med ombygginga av brønintervensjonsfartøyet Akofs Seafarer. Prosjektet blir sluttført mot slutten av året. Det er eit oppdrag som kronemessig representerer verdien på ein mindre offshorebåt.

Det same er etter alt å døme jobben med brønnbåten til Sølvtrans. Omfanget på kontrakten vert rekna til om lag 400 millionar kroner.

Det kan også bli meir. Sølvtrans har planar om å byggje endå ein liknande brønnbåt, opplyser nett.no.

- Vi har jobba med å lande denne kontrakten over lengre tid. Og vi er sjølvsagt interesserte i fleire oppdrag, kommenterer Inge-Jonny Hide på generelt grunnlag.

Onsdag var det altså ein etterlengta kakefest igjen for Myklebust Verft. Det passa elles ekstra bra med kunngjering denne dagen, ettersom styret var på besøk til verksemda - og fekk ta del i festlegheitene.