– No i helga var vi alle saman i Oslo på PiPfest og høyrde The 1975 i Sofienbergparken, fortel Svenning Veiseth frå Brandal.

Det britiske bandet er til stor inspirasjon for Veiseth og dei fire andre medlemmane i Ufokusert, som alle går i same klasse på Volda vidaregåande skule.

– Vi går musikklinja og har eit veldig godt klassemiljø. Det er stadig konsertar, og i starten ville alle finne seg eit band å spele i. Vår gjeng vart veldig fort fast, fortel Veiseth.

Bandet øver anten i ein av musikkbingane ved skulen, på garasjeloftet til bassist Ludvik Brune Leikanger frå Larsnes, eller på Hareid bedehus.

Dei tre andre medlemmane er Henrik Stave frå Ulsteinvik, Emma Sævik frå Remøya i Herøy og Marius Osborg frå Ørsta. Alle er fødde i 2001.

– Engasjerte foreldre

Dei fem ungdomane fortel at dei er seriøse og hardtarbeidande, og at veldig mykje av tida deira går med til musikk.

Før helga vart det klart at dei er ein av tre finalistar i årets Musikkprisen-konkurranse.

– Vi har nok masa litt på at folk skal stemme på oss gjennom sosiale medium, ja, seier Svenning Veiseth.

Kven har de masa på?

– Slekt og venar. Og så har vi svært engasjerte foreldre, som igjen har delt med sine venar, fortel dei.

Korleis definerer de musikken de spelar?

– Det er indiepop, er alle fem samde om. Dei skriv all musikk sjølv. Emma skriv tekstane, så bidreg dei andre med litt finpussing. Henrik har flest idear til musikken, og så møtest dei og skaper musikken saman.

Drøymer om siger

Når Ufokusert går på scena på Terminalen Byscene i Ålesund onsdag, er det for å vinne.

– Det hadde vore utruleg kjekt, det er ei stor moglegheit for oss. Vi får vise oss fram for eit større publikum, og viss vi vinn, blir det enklare å satse vidare, seier Veiseth.

– Ja, det vil opne mange dører. Så det hadde vore ein draum å vinne, seier Sævik.

– Det blir også stort å spele for juryen, eg gler meg veldig til å høyre kva tilbakemeldingar dei gir oss, seier Marius Osborg.

I juryen sit mellom andre Asbjørn Slettemark (musikkjournalist), Kristin Winsents (musikksjef i NRK P3), Kathrine Synnes Finnskog (Direktør i Music Norway) og Terje Erstad (dagleg leiar i Ocean Sound Recordings).

– Eit kompliment

Ufokusert-gjengen har ikkje tenkt så mykje på dei to andre finalistane, men dei kjenner til den andre lokale finalisten: Kontrollert Kaos.

– Vi tek det som eit stor kompliment at vi får lov til å stå på same scene som dei. Dei har så mykje erfaring og eit stort publikum, så det er stort for oss å stille på lik linje med dei, seier Emma Sævik.

I helga skal bandet ha konsert på Melshorn Hotell i samband med Opplev Hareid. Vidare skal dei spele på ein festival i Ørsta i slutten av juli og dei skal spele på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik. Men først er det finale i Musikkprisen 2019.

(Denne saka vart først publisert på vikebladet.no)