Det skriv prosjektleiar Randi Humborstad for Stad skipstunnel i ei pressemelding.

Kystverket har gjennomført reduksjonar i prosjektet og hevdar at dei kan byggje Stad skipstunnel for ei styringsramme (P50) på 2 876 mill. kr. (inkl. mva. 2018 kroner), noko som er ein reduksjon i høve til forprosjektet til Kystverket, og kostnadsramma i NTP. Dette kjem frem i rapporten «Stad skipstunnel. Videreutvikling og prosjektoptimalisering» som Kystverket sende over til Samferdselsdepartementet 15. juni. I rapporten viser også Kystverket til at samfunnsnytta er auka med om lag 1 milliard kroner samanlikna med KS2. Kystverket foreslår vidare ein fremdriftsplan med byggestart i 2021 og opning av verdas første skipstunnel i 2025.

- Styringsgruppa for Stad skipstunnel er særs tilfreds med at Kystverket har fått ned kostnadane og at samfunnsnytta er auka sammenlikna med KS2. Leiar for styringsgruppa for Stad skipstunnel, Rolf Domstein og prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad hadde eit godt møte med samferdselsminister Jon Georg Dale 12. juni, der vi diskuterte prosessen vidare for prosjektet. Prosjektet er «gryteklart», og vi forventar no at regjeringa vil følgje opp Nasjonal transportplan, legge fram ei endeleg investeringsavgjersle for Stortinget, og løyve oppstartsmidlar på neste års statsbudsjett. Dette for å nå målsettinga om byggestart i 2021, som det står i NTP. Kystverket treng to år til å førebu byggestart, til prosessen med grunnerverv, arkeologiske utgravninger, kontrahering og etablering av byggherreorganisasjon.

Bakgrunn for bestillinga

I NTP ligg Stad skipstunnel inne med ein forventa kostnad på 2 699 mill. kroner (inkl. mva., 2016 kroner). Samferdselsdepartementet foreslo i si bestilling til Kystverket ei  prisjustering til 2,929 mill. kr. (2018 kroner). Bakgrunnen for bestillinga var den eksterne kvalitetssikringa (KS2), gjennomført av Atkins og Oslo Economics, som kvalitetssikra tala og løysingane som Kystverket har lagt til grunn for prosjektet i sitt forprosjekt. KS2-rapporten inneheldt element både knytt til nytteverdi og kostnadar. KS2-rapporten la til grunn ei styringsramme (P50) på 3 670 (inkl. mva., 2018 kroner). I KS2 var Stad skipstunnel blitt tilsynelatande om lag 1 mrd. dyrare enn forprosjektet til Kystverket (2017). Auken skuldast i hovudsak prisjustering frå 2016 til 2018 kroner, og at dei generelt hadde lagt på alle moglege usikkerheitsmarginar og påslag på kostnadane. Byggherrekostnadene var også auka betrakteleg. Samferdselsdepartementet gav derfor, den 14.12.2018, Kystverket ei bestilling om å gjennomgå prosjektet med formål å få kostnaden ned til NTP-nivå.

Stad skipstunnel er en investering i det Norge skal leve av i framtida!

- Stadhavet er eit kritisk passeringspunkt for fiskebåtar, brønnbåtar, fôrbåtar, servicebåtar og mindre containerfartøy. Vanskeleg passering forbi Stadhavet fører til store verditap i fiskerinæringa på grunn av venting, færre leveringsstadae, dårlege prisar og kvalitetsforringing av fangsten. Den norske sjømatnæringa er spådd ein formidabel vekst i framtida, noko som vil føre til auka skipstrafikk, men også auka belastning på vegnettet. Ein meir effektiv seglas forbi Stad vil legge til rette for at meir gods kan bli frakta sjøvegen, noko som betyr færre vogntog med fisk gjennom det sentrale Austlandet. Tunnelen vil også fremje nye transportløysingar for fersk sjømat med hurtiggåande båtar til kontinentet. Ny rapport frå Kongsberg Maritime viser at skipstunnelen også vil gi kortare reisetid, mindre drivstoffbruk og CO2-utslepp for skip. Kun med Stad skipstunnel vil det bli mogleg å etablere ei hurtigbåtforbinding mellom Bergen og Ålesund. Ei slik hurtigbåtforbinding vil knyte bu- og arbeidsmarknadregionar tettare saman og gjere regionen meir tilgjengeleg for turisme. Verdas første skipstunnel har allereie skapt stor internasjonal merksemd og vil trekkje til seg turistar frå heile verda. No må politikarane sjå den store samfunnsnytta nasjonalt og den internasjonale betydninga av Stad skipstunnel, og investere i det Norge skal leve av i framtida, heiter det i pressemeldinga.