Det sa samferdselsminister Jon Georg Dale på kaikanten i Fosnavåg fredag.

Som mange hadde håpa på, hadde han med seg ein lovnad om statleg løyving til Fosnavåg hamn. Der har prosjektet med oppreinsking, mudring og tilrettelegging for lokal industri stått på vent i årevis.

Løyvinga kjem inn som ein hale på ordninga med kommunal forskottering. Dette inneber at kommunen må betale inn pengane, og seinare få dei tilbakebetalt av Staten.

- Svært gledeleg. No må vi få fullført reguleringsplanen for indre hamn snarast råd, kommenterte herøyordførar Arnulf Goksøyr.

Hans målsetting er at prosjektet kjem ut på anbod tidleg i 2020.