Entec Group-konsernet veks - slår seg saman med Evotec

Entec Group AS, der Kvamsøy-bedrifta Brimer AS er eit av driftsselskapa, har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman med Evotec.
New Articles

Dette går fram i ei pressemelding onsdag. Samanslåinga etablerer dermed Entec Group som eit større og sterkare konsern. ENTEC Group vil bestå av driftsselskapa Evotec AS, Brimer AS og ServiTech AS. Desse selskapa er 100 % eigd av Entec Group AS.

- Eigarane i begge selskapa har samanfallande ambisjonar om vekst, og ser at ein ved å slå seg saman vil kunne realisere strategien raskare og meir effektivt. Med dette styrker vi vår maritime satsing og gir våre kundar ei brei portefølje av produkt og servicetenester til reiarlag, verft og andre aktørar i den internasjonale, maritime bransjen, seier Jogeir Romestrand, styreleiar i både Evotec og Entec Group.


Brimer og ServiTech er slått saman:

Målet er endå meir vekst

Måndag kom meldinga om at Kvamsøy-selskapet Brimer smeltar saman med ServiTech i Ørskog.

 

To marknadsdivisjonar

Konsernsjef i Entec Group og Brimer-sjef Håvard Haanes, seier at samanslåinga gjer at konsernet får to sterke og uavhengige marknadsdivisjonar, maritim teknologi og prosess teknologi.

- Vi blir no ein betydeleg maritim aktør innanfor marknadar som seismikk, fiskeri, aquakultur, offshore, forskingsfartøy og cruise, under merkevarene Evotec og ServiTech.  Innanfor prosessteknologi vil vi halde fram utviklinga innan marknadssegmenta vatn og avløp, landbasert oppdrett, samt industri og fiskeri under merkevarene Brimer og ServiTech. Entec er, og skal framleis vere ein sterk kompetansepartner for våre kundar, der vi saman utviklar og leverer gode, kundetilpassa løysingar.

Dei tre selskapa i konsernet komplimenterer kvarandre når ein kjem til kva produkt dei leverer. Evotec er store på handtering og vinsjeløysingar, Servitech tek han om maritime røyrinstallasjonar og kvamsøybaserte Brimer lagar kar og tankar i komposittmateriale.