– Etter å ha spela her i fjor, hadde eg høge forventningar til publikum. Det levde dei opp til.

Det seier rapparen Mads Veslelia (28), backstage, til Vestlandsnytt etter å ha gått av scena i den folksame festsalen. Den er framleis full av liv, lys og bass – og skikkeleg god stemning.

– Nokre gongar er det ekstra fint å spele for dei som ikkje har fylt 18, for dei har ikkje fått den «kleinheitsgreia» enno. Og så er det mykje meir givande å spele for eit edru publikum, seier Mads.

Vi skjønar kva han meiner, for vi var i salen då han og den elleville «scenepartnaren» og rap-kollegaen Hypeman tok av framfor publikum. Og det var før kveldens hovudattraksjon, TIX, hadde vist seg.

– Som magnetar

– Dei skapar sånn liv, seier Karoline Velsvik Sivertsen ved Fritidsklubben, ein av arrangørane bak festivalen.

– Ja, dei er som magnetar, seier ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Mona Grethe Ryssevik:

– Seier dei hopp, så hoppar heile publikum!

Plukka ut DJ frå publikum

Ved midnatt går TIX på scena. Då viser ungdommane at dei har endå mykje meir å gi. Dei hoppar opp og ned, medan dei syng med på absolutt alle songane!

TIX har så vidt kome i gang då han innrømmer at:

– Eigentleg skulle eg ha hatt med ein DJ i dag. Men han vart så full i går at han ikkje rakk flyet.

Løysinga blir å få opp ein tilfeldig «DJ» frå publikum. Jobben er nemleg enkel, seier TIX – det er berre å trykkje på ein knapp.

Ein ung, særs ivrig gut får kome opp på scena og stille seg bak miksebordet. Der vert han ståande å veive med armane, med eit strålande smil om munnen resten av kvelden.

– Er her for det sosiale

UNGfestivalen i Fosnavåg samlar ungdom mellom 13 og 20 år frå heile distriktet. Utanfor kafeen, der nokre i Herøy ungdomsråd sel pizza, tacobaguettar og mykje anna, treffer vi på ein «interkommunal» ungdomsgjeng.

– Eg er her fordi eg er forelska i TIX. Han er så søt, seier Henrikke Støylen (15) frå Herøy.

– Og eg er forelska i broren hans, som er DJ, skyt Ronja Solem frå Herøy inn.

– Eg er her mest for stemninga. Vi har ikkje alltid sjans til å treffast elles, så det er kjekt å kunne møtest her og danse, smiler Adrian Haraldsvik (15) frå Ulsteinvik.

Gav vekk hårbandet

Dagen etter konserten, får Vestlandsnytt ei oppringing frå TIX i samband med eit intervju vi har gjort tidlegare (som etter kvart vil bli publisert på vestlandsnytt.no). Då fortel han samtidig om ein detalj frå slutten av konserten:

– Eg gav hårbandet mitt til ei jente. Ho knakk saman og byrja å gråte.

Vi kan berre anta at det var gledestårer.