Prosjektene og tiltakene skal prioriteres ut frå lokale målsettinger og strategier.»

Lokale målsettingar for tilskota er mellom anna ivaretaking av verdiane i det opne kystlandskapet, fremje natur- og kulturminneverdiar, motverke attgroing og gjere det lettare å halde bruka i aktiv drift. Sande kommune har sin eigen SMIL-strategi der dette er omtala nærmare. Denne finn du på heimesida.

Sande kommune har fått tildelt meir SMIL-midlar enn det har kome søknader til så langt i år. Det er eit ønske at desse midlane kjem landbruket i Sande til gode. Det vert derfor opna for fleire søknader med ny søknadsfrist. Om du eig eller leiger ein landbrukseigedom i aktiv drift og fyller vilkåra for produksjonstilskot, kan du også fylle vilkåra for SMIL-tilskot. Om du har tankar om eit tiltak/prosjekt som tilskotet er meint å dekkje, vil vi oppfordre deg til å søkje.

Døme på tilskotsberettiga tiltak kan vere inngjerding av beite, rydding av krattskog, lyng og einer, rydding av piggtrådgjerde, istandsetjing av gamle bygningar.

Det er i utgangspunktet ein frist på 3 år for gjennomføring av tiltak. Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret for meir informasjon.