Det var onsdag i denne veka vedtaket kom, i fylgje VG.

- Eg er veldig, veldig glad. No skal eg berre få i orden nokre dokument, og så er vi ferdige med denne prosessen, og eg kan begynne å leve, seier Julia til VG på telefon frå Russland.

Saka skulle vere godt kjend for Vestlandsnytt sine lesarar. Julia er dotter av Kenneth Sætre, som fekk Julia med ei russisk kvinne han jobba på sjøen saman med. Julia vaks opp hos si biologiske mor i Russland, men kom til Norge på besøk for eit par år tilbake. Men det synte seg svært vanskeleg å få fast opphaldsløyve, noko gjentekne avslag frå UNE og UDI er prov på.

Julia si sak førte også til at lovverket vart endra. Men likevel fastheldt UDI at søknaden om opphaldsløve eventuelt må kome frå utlandet. Det førte til at Julia formelt sett vart utvist frå Norge, og difor måtte reise til Russland i april.

Då hadde Julia og familien eit håp om at ein søknad derifrå ville føre til at saka ordna seg. Og det har no ført fram. Julia kjem i fylgje VG flyttande til Gursken igjen til sommaren.